Måndag var våt og intens i Nordfjord. På 12 timar fall 80 millimeter nedbør, ifølgje ein målestasjon i Stryn sentrum.

— Folk på Blakset i Stryn meiner dei fekk langt meir enn dette. Dei har ikkje sett det verre. Skadane er enorme på vegnett, bruer og dyrka mark. I tillegg er svært mange hus og private eigedommar blitt råka av flaum og flaumskred, seier Anders Maurset i teknisk avdeling i Stryn kommune.

Ikkje fullt oversyn

Særleg hardt råka vart Blakset i Stryn og Lote i Eid kommune. Her vart fleire bygningar, ei rekke bruer og svært mange vegar totalt øydelagde. I Blakset er mellom anna bru og 40 meter vegbane av fylkesveg 613 vaska vekk.

— Mange har fått kjellarane fylt opp med vatn. Vi har ikkje klart å få oversyn over det totale omfanget enno, seier Maurset. - Når det er gjort, må vi prioritere tiltak der det er mest prekært. Først og fremst at folk kjem seg til og frå husa sine, og at dei har straum og mat.

Ifølgje Maurset er 10 personar på Blakset framleis utan vegsamband med omverda. Men alle evakuerte kunne vende heim til bustadene sine i går, og Stryn Energi lovde same dag at alle skulle få straumen tilbake i løpet av dagen.

Mage meldingar om naturskade

I går føremiddag hadde lensmann Inger Lill Lanes i Stryn motteke melding om rundt 20 naturskadesaker, medan åtte saker var meldt inn i nabokommunen Eid.

— Eg reknar med at desse tala vil stige kraftig i dagane framover, seier lensmannen, som er Naturskadefondets representant i slike situasjonar.

— Dette gjeld alt som ikkje blir dekka av vanlege hus- og bilforsikringar, det vil seie skader på private vegar, hagar og liknande eigedom.

Norges Vassdrags- og Energidirektorat (NVE) var i går på synfaring over dei flaumskadde områda i Nordfjord, og senioringeniør Helge Leif Nordvik kan berre stadfeste dei omfattande skadane.

— På Blakset såg eg faktisk ingen vegar som var uskadde, seier Nordvik, som no skal lage rapport om skadane.

— Så får vi gje råd og rettleiing til dei som treng det framover, seier han.

Stengt i vekevis

Også Statens vegvesen har hatt vore på synfaring i området.

— På E39 ved Lote måtte vi opp i fjellsida og styre vassmassane inn i det opphavlege elveløpet. Deretter kunne vegen ryddast og opnast for trafikk, seier Lars Erik Karlsen i Vegvesenet.

— Vegen treng ein del utbetringar ved Lote, men dette håpar vi å kunne gjere utan særlege stengingar.

På Blakset står Vegvesenet overfor større utfordringar.

— Her har vi to fylkesvegbruer over elva Steindøla. Den eine brua er undergravd, og må kanskje skiftast heilt ut. I tillegg er om lag 40 meter av vegen regelrett vaska vekk. Her var vegbana bygd opp med fire–fem meter høge steinmurar. No er det berre glatte berget som ligg igjen.

Karlsen meiner det vil ta lang tid å byggje opp att bru og vegbane.

— Utan tvil fleire veker, nærare er det uråd å seie no. Vi kjem til å vurdere mellombels bruløysingar, slik at det i alle fall blir mogeleg krysse for gåande, seier han.

EUROPAVEG 39: Slik såg det ut ved Lote, litt sør for Nordfjordeid sentrum måndag. Vegen er no open for ordinær trafikk, melder Vegvesenet.
ØYSTEIN TORHEIM
DRIVVED: Flaumen røska med seg dette naustet i Lote i Eid kommune.
ØYSTEIN TORHEIM