— Eg kom hit med håp og lovnader. Nei, eg kan ikkje tru det vil skje. Eg har jo kome inn på ein toårig skule, seier den yngste eleven ved Røde Kors Nordisk United World College (UWC).

Men det som ingen ein gong har hatt mareritt om, kan no skje. For regjeringa vil kutte det norske tilskotet til den nordiske UWC-skulen. Dei skal få pengar til å drive ut dette skuleåret, men så er det slutt.

Statstilskotet frå vertsnasjonen er fundamentet. Trekkjer Norge seg, vil dei andre nordiske landa følgje etter. Skulen blir lagt ned. Halvparten av elevane blir sende heim, med ei halvferdig utdanning i bagasjen.

— For meg er det heilt nødvendig å få fullført denne utdanninga. Elles blir det veldig vanskeleg, seier Jahnvi. Ho har budd heile sitt liv i ein SOS-barneby i utkanten av den indiske hovudstaden New Delhi. For Jahnvi er UWC sjansen i livet.

Internasjonalt

Det er «storefri» på skulen ved Flekkefjorden. Kantina er stappfull. Heile jordas menneskelege fargespekter er representert, samtalene går på ti-tals tungemål. Det skjer utanfor allfarveg, i ei lita grend eit kvarters køyring frå Dale i Sunnfjord.

Her, på Haugland, ligg det mest fleirkulturelle samfunnet i landet. I idylliske omgjevnader og i eit mylder av bygningar forma med element frå vestlandske klyngjetun og handelsstader langs kysten, er 200 elevar frå heile verda er samla. Halvparten av elevane i den etniske smeltedigelen kjem frå fattige kår i like fattige land, ungdommar som har vakse opp flyktningleiarar, konfliktområde, SOS-barnebyar. Og her er funksjonshemma frå delar av verda som helst ikkje vil vite om slike. Som Mark Wang, eleven som var ferdig på skulen i vår. Gjennom fjernsynsserien om seg sjølv, er funksjonshemmas kår sett på dagsorden i heimlandet Kina. I tillegg har Norge fått reklame for hundrevis av millionar.

Mot alle prinsipp

«Skolen er sikkert viktig for ildsjelene som står bak, men den er ikke viktig nok for landet», sa statssekretær Bjørn Haugstad (H) til Bergens Tidende då han skulle forklare kvifor regjeringa vil kutte tilskotet. Utsegna har rett og slett gjort folk forbanna. I dagane etter at statsbudsjettframlegget var kjent, har det hagla inn med sympatierklæringar.

— Eg var i Dale på laurdag. Det var utruleg å oppleve korleis folk støtta oss. Dei kom bort til meg, knytta nevane og sa at dette skal vi slåst for, fortel rektor John Lawrenson.

Rektoren er overtydd om at eit nei frå den norske staten no, er kroken på døra. Elevane frå underprivilegerte område får dekka heile utdanninga. Dei er dyre for skulen.

— Vårt mål er å få så mange elevar som råd frå fattige land. Skulle alle betalt for seg sjølve, ville vi enda opp med ein skule for unge frå den rike verda. Det vil bli ein skule som ikkje representerer verda. Vi kan ikkje ha ein privat institusjon her, seier Lawrenson.

Det vil stri mot alle prinsippa skulen er bygt opp rundt.

— Eg brukar å fortelje at hos oss må palestinarar og israelarar bu under same tak i to år. Då forstår dei fleste at denne skulen er spesiell.

Sårbare

Samstundes vedgår Lawrenson at avtalen mellom dei nordiske landa om å finansiere drifta, er for laus i fisken. Han omtaler avtalen som «gentlemens agreement». Kvar haust må skulen be om pengar.

— Dette gjer oss sårbare, seier Lawrenson, som framleis likevel ikkje heilt kan tru på framlegget til statsbudsjett.

— Det var eit sjokk. Hadde dei sagt at skulen skulle drivast ut 2005, slik at alle fekk fullført utdanninga si, skulle eg trudd på det. Men no blir dei jo sende heim etter eitt år. På meg verkar det som om ein eller annan ikkje har tenkt på konsekvensane, seier rektoren.

I kantina sit dei som mest av alt vil få merke følgjene. Dei kommande dagane skal elevane ha fleire møte for å diskutere kva dei kan bidra med for å berge skulen.

— Eg veit det er snakk om at skulen kan bli lagt ned. Denne veka skal vi ha ein del møte, få informasjon og snakke om kva vi kan gjere, seier Jahnvi.

Ho er ein av dei underprivilegerte, på skule i Fjaler med fullt stipend. Som rektoren, kan heller ikkje Jahnvi heilt tru at skulen kan bli stengd.

— Det er vi elevane som må lide. For meg blir utdanninga spolert. Kva eg skal gjere då, veit eg ikkje.

fakta/United World College

  • Skulen på Hauglandssenteret ved Flekkefjorden i Fjaler blei opna i 1995. UWC blei etablert som eit nordisk samarbeid. Mellom dei som engasjerte seg sterkt for å få skulen realisert, var dåverande statsminister Gro Harlem Brundtland.
  • Skulen samarbeider med Røde Kors, og har 200 elevar frå 80 land. Ein stor del av elevane kjem frå konfliktområde og fattige land. Nasjonale UWC-komitéar vel ut kven som skal få gå på skulen.
  • Etter to år endar utdanninga i «International Baccalaureate», ein eksamen som gjev høve til universitetsstudium. I tillegg fokuserer skulen på menneskerettar, demokrati, ressursforvaltning og humanitært arbeid.
  • Bondevik-regjeringa vil no kutte statstilskotet til skulen. UWC hadde søkt om 24 millionar for 2004. Regjeringa vil gje skulen pengar ut dette skuleåret, men så er det slutt.
GJEV UTSYN: United World College, det mest internasjonale samfunnet i landet. I ei lita grend i ein liten fjord byr ein skule på ei utdanning med utsyn mot verda.<p/>FOTO: ODDLEIV APNESETH