I løpet av dagen vart forkalingane til siste støypearbeidet, sikring av kabelrøyr, rivne, og forskalingsflekane gjort flytteklare saman med anna utstyr.

No er det opp til gravemaskinkøyrarane å gjera resten, fram til asfaltering. Det er ein god del stein som skal flyttast, men det skal vera von om å setja trafikk på vegen før ferien, om ein god månads tid. Offisiell opning må venta til hausten.

Dei nye bruene fjernar ein lei flaskehals på E16 på grensa mellom Hordaland og Sogn og Fjordane, ei form for velkomsthelsing som fylka godt kunne gredd seg utan. Innsnevringa av vegen kjem brått på, og kan lettskapa farlege trafikksituasjonar.

Prosjektet skulle også femna om eir rasteplass her ved inngangsportalen til verdsarvområdet (UNESCO) i retning frå Bergen. No ser det ut til å bli knapt med pengar til dette.

FASTSTØYPT: Siste jobb var sikring av kabelrøyr. Den austre brua nærast.
Arne Hofseth
STØYPTE: Bruene på E16 ved fylkesgrensa er ferdig støypte. Vegbreiddene viser kor smal flaskehals bilistane vert ynskt velkomne til Hordaland med.
Arne Hofseth
Arne Hofseth