Det er omtrent det einaste kokkelandslagsmedlem Tom Victor Gausdal vil røpe om hovudretten dei skal servere under olympiaden i Erfurt.

— Oppskrifta er hemmeleg. Og vi er enno ikkje klar med den heller. Vi forskar framleis, seier Gausdal, som til dagleg driv eit cateringfirma i Oslo.

— Kvifor hjort?

— Vi brukar alltid norske råvarer. Og hjort er det edlaste av alt norsk kjøt. Landslaget har brukt hjortekjøt ein gong før, og det fall i veldig god smak.

Dei ni medlemene på landslaget trenar saman annankvar helg, og har mellom anna fått hjelp frå Toppidrettssenteret i førebuingane. All OL-førebuing skjer på fritida.

— Vi har aldri trent så mykje før ein slik konkurranse. Vi satsar på gull, men vil vere nøgde med ein plass på pallen. Konkurransen er knallhard, og mange av dei andre nasjonane har langt større ressursar.

Under OL skal dei lage både kaldmat og varmmat. Kaldmaten får dei bruke tre dagar på, og den skal glaserast slik at han kan visast fram i fleire dagar etterpå. Varmmaten, ein trerettars middag skal bestå av ishavsrøye som forrett, deretter kjem Svanøy-hjorten på bordet som hovudrett før pære skal serverast som dessert. Heile middagen skal lagast på fem timar. Dei ulike nasjonane står inne i kvar sine glasbur der både dommarar, publikum og presse har fritt innsyn.