Dei to førarane fekk ingen skader, og verka i følgje politiet til å vere ved godt mot etter ulukka ved Bolstad i Voss kommune.

— Bilen måtte køyrast vekk med skader på styringa og den eine sida, men dei som sat inne i bilen, skaffa seg sjølv skyss heim att, seier politibetjent Gunnar Amundsen.

Tunnelen ligg i ei 70-sone, og farten skal ikkje ha vore høg. Amundsen seier grunnen til ulukka er uklar.

— Det er sterkt lys ute og svært mørkt inne i tunnelen, men akkurat kva som er årsak til ulukka, veit vi ikkje, seier han.