«Min barndomsdal — del 1» les du her

Om vinteren var det ski og skeiser, om sumaren var det fotball. Fyllingen Idrettslag vart skipa i 1946 og då kunne vi som var 9-10-11 år spela på ”babylaget”. Treninga gjekk føre seg på ”Grønnermarken”, ein liten grøn flekk av Lauvstakkgarden attmed vegen opp til skytebana. Her var det jord nok til å setta ned to hesjestaurar som mål og så var treninga i full gang.

Attmed "Feriehjemmet” på Skaret var det og ei lita treningsbane, dette var ei grusbane, men det som hadde vore av grus var forsvunne i grunnen, det var mest pukkstein att. Her var det to litt store steinar i kvar ende som gjorde nytten som mål.

Eg sto i mål og klarte ikkje alltid å redda dei lave ballane borti hjørnet. ”Du slenger deg feil” sa ”Giggen” som var trenaren vår. Ja, det kunne han seia tenkte eg, men å slenga seg rett ned i kvasse pukksteinar det var ikkje særleg forlokkande etter mi meining.

”Sponavika” var den tida sitt Mallorca

Om sumaren var det badelivet som florerte. I ”Haugadammen” for dei som budde der, men mest i ”Sponavika”.

Dit kom og ”halve Laksevåg” for å bada. Det var sjølvsagt slik at det var myke meir sumar og før, sola skein dag etter dag og badetemperaturen var god heile sumaren.

Særleg var dette tilfelle i den tida vi dreiv med slåtten. Då kom det busslast etter busslast med badegjester frå Laksevåg som alle skulle i ”Sponavika”, men vi som var midt i slåttonna, hadde ikkje tid til badeliv. Vi måtte slå og hesja eller køyra tørrhøy, eller vi måtte nytta godvêret til å luka ugras. Det var forsmedelig og gjennomgripande urettvist.

I slike stunder var det å vere fødd på gard ein av dei verste skjebnar du kunne tenka deg, men det snudde fort når dei andre kom til gards for å få være med å hoppa i høyet, då var det vi som var dei privilegerte som kunne organisera slikt fritidstilbod.

”Fyllingsgubben”, heile dalens ”Don Juan”

På ein gard får du god innsikt i livets gang på mange måtar, kalvar og grisar kom til verda om våren og vart slakta til jul, det var naturens gang og slik skulle det vere, men litt mystikk og spenning var det nok knytta til desse tinga og.

”Litago flyg” sa far ein dag, ”i morgon må du ta henne ned på Bolstadgarden til lagsoksen”.

Det var litt flaut når du enno ikkje var kome opp i tenåra ein gong. Vi visste jo kva funksjon lagsoksen hadde, men å stå der med kua, saman med dei vaksne, og sjå på dette og å lata som om dette var noko du hadde god greie på og var vel vant med, det var ikkje enkelt – Men med handa på hjartet – det var jo svært interessant då.

Det var fisk i alle elvar og vatn

I sommarmånadene var fisking ein av dei store hobbyane, og i Fyllingsdalen var det fisk i alle vatna og i alle elvane. I ”Sæleelva”, som via ”Sælevatnet” og ”Nordåsvatnet” står i samband med sjøen og havet, ja, der gjekk sjøauren opp for å gyta. Denne vegen kom og ålen inn, ja, nedst i elva kunne vi faktisk også sjå flyndre symja omkring. I elvene og i vatna lenger oppe var det bekkaure og ferskvassaure som dominerte, men i ”Ortuvatnet” var det gjedda.

Vi ungane var på jakt etter alle desse fiskesortane, i elvane fanga vi auren med berre nevane eller med håv, i myrhølane fiska vi ål med heimelaga fiskestenger som rett og slett sto fast i jorda på elvebredda.

Ål var kattemat, mor vår ville ikkje laga til den slags fisk. Gjedda i Ortuvatnet ble tatt med sluk og slukstong, som oftast vart også den kattemat, gjedda har også utsjånaden mot seg.

I vatna der auren gjekk vart det fiska med fluge og flugestong og den fisken smakte skikkeleg godt. For ikkje å snakka om når vi var så heldige at vi fekk på kroken ein 2-kilos sjøaure i ”Sæleelva”, då hadde heile familien et festmåltid.

Apropos festmåltid, om hausten hadde vi faktisk festmåltid kvar dag. Når det nærma seg middagstid kunne mor ropa at ho trengte poteter og grønsaker til middag, ja, så gjekk vi berre ned i potetåkeren og tok opp nypoteter og i grønsakåkeren å henta gulrot, blomkål, hovudkål og andre grønsaker etter lyst og smak.

Det er ikkje noko som smaker slik som sjølvdyrka grønsaker, heile ettersumaren og hausten var derfor eit samanhengande festmåltid...

Ekstrajobb som ”telegramspringar”

Ole Sælensminde, som hadde gartneri der Esso-stasjonen ligg i dag, hadde talestasjon for televerket. Hit måtte alle gå som skulle ringa og hit kom alle telefonmeldingar til folk i dalen.

Desse meldingane var den gongen i form av eit telegram og desse telegramma hadde eg som fast jobb å bringa rundt til folk. I tillegg til løna (50 øre) hende det ofte at mottakaren baud deg ei kveitebrødskive med sirup, då var dagen redda.

Dette er del to av ei forteljing i tre delar om ein barndom i Fyllingsdalen på førti- og femtitalet.

Les første delen her!

Visste du at ein måtte reise med buss, båt og tog for å komma seg til Nesttun? Det kan du lese om ein av dei kommande dagane.

Har du barndomsminner frå Fyllingsdalen som du vil dele med andre? Skriv det inn i kommentarfeltet under, eller send det til lokal@bt.no

AUD SÆLENSMINDE