«Det store sengebytet» kallar arrangørane det. Kort fortalt får alle innbyggjarane i Fjærland testa ut ei gjesteseng gratis i helga. For så å gi ris og ros til reiselivsnæringa.

Tilfeldigvis er det like mange gjestesenger i bygda som innbyggjarar: 280.

Vil ha ris og ros

— Då me fann ut at det faktisk er éi gjesteseng for kvar innbyggjar i Fjærland, fann me ut at me måtte gjera noko artig ut av det. Og resultatet er altså «Det store sengebytet», fortel Malene Bøyum (18) i arrangementskomiteen.

Målet er at dei som ikkje jobbar i reiselivet skal få eit innblikk i turistnæringa.

— Ved å gi ærlege tilbakemeldingar, er folk med og kvalitetssikrar reiselivet. I tillegg håpar me at det skal bli mykje moro. På laurdagskvelden blir det grillfest og søndag morgon blir det felles frokost på Hotel Mundal.

Dugnad

Reiselivslaget, husmorlaget, idrettslaget og 4H er initiativtakararar, og alt blir gjort på dugnad. I tillegg har arrangørane fått med seg ein del sponsorar på laget.

Til no er 102 fjærlendingar påmeldt.

— Alt frå 70-åringar til babyar har meldt seg på. Dessverre krasjar det med barnedåp og konfirmasjon for nokon, men det er blitt godt mottatt. Særleg blant dei unge, seier Marianne Supphellen, som også er i arrangementskomiteen.

Arrangørane håpar at sengebytet skal gi inspirasjon til alle i bygda.

Masseturisme

Sjølv om Fjærland først vekk veg til omverda for tjue år sidan, har bygda vore eit kjend reisemål i over hundre år.

Dei store attraksjonane i bygda er Bøyabreen, Norsk Bremuseum og Den norske bokbyen.

250.000 - 300.000 tilreisande besøker Fjærland kvart år.

— Turismen er svært viktig for Fjærland, og me vil at fjærlendingane skal få oppleva korleis det er å vera turist i eiga bygd. Og så skjer det jo mykje rart her. Frå før har me rundballefestival og no skal me også byta senger, seier Supphellen.

— Ein kompis av meg kallar det berre for det store vårsleppet i Fjærland, legg ho til med eit flir.

Kva synest du om sengestuntet? Skriv eit innlegg under.

KOMITEEN: Her er deler av arrangementskomiteen. Ivar Haugen (framme f.v.), Eline Orheim, Marianne Supphellen, Kurt Ove Restad (bak), Berit Karin Supphellen Solsvik og Ove Skeide (midten).
PRIVAT
REKLAME: I helga skjer altså det store i Fjærland: Sengebyte!
PRIVAT
UNG ARRANGØR: 18 år gamle Malene Bøyum er med i arrangementskomiteen, og håpar på mykje moro i helga.
PRIVAT (MMS)
ATTRAKSJON: Bøyabreen er den største naturattraksjonen i Fjærland, som ligg i Sogndal kommune. ARKIVFOTO: ODDLEIV APNESETH
BOKBYEN: Turistane valfartar også til Fjærland for å sjå bokbyen. ARKIVFOTO: JAN M. LILLEBØ