Det nyaste skisenteret, ved Voss Fjellandsby — det nye hytteområdet i Myrkdalen - melder om stor pågang. Nærare 300 personar køyrde om lag ti turar kvar, både laurdag og sundag.

Her ligg det til rette for turar innover i Stølsheimen frå toppen av skitrekket. Dei fleste valde likevel å skri ned att til dalstasjonen, ned den bratte eller den mindre bratte løypa, eller i laussnøen. Dermed vart det ein del venting i køen. Men alt i kveld tek arbeidet med utviding av kapasiteten til. Fleire T-krokar skal festast på trekkwiren. Dermed aukar kapasiteten på skitrekket, og opphaldet i køen vert kortare.

Dei minste har fått eige skitrekk. Dei som er flinke på ski, tek trekket til endes, medan dei urøynde kan sleppa taket undervegs, og finna ein høveleg bratt bakke ned att.

Kjempedagar i Sogn og Fj.

I Hafslo kan dagleg leiar Nils Arne Skjerven melda om framifrå tilhøve med natursnø oppå den kunstige i Sogn Skisenter på Heggmyrane.

Skulane i Sogn og Fjordane har hatt fri denne veka, og skisenteret har hatt kjempedagar. No er dei klar for vinterferien til austlendingar og ein del hordalendingar. Og veka etterpå kjem bergensarane. Også på Hodlekvæ i Sogndalsdalen har det vore snø, men dei må lita på natursnøen. I Sunnfjord er det snømangel.

Nok snø i Eikedalen og Voss

Eikedalen Skisenter nær Kvamskogen melder også om stor utfart i helga. Dagleg leiar Fredrik Tønjum trur det var enda fleire i løypene i går enn på laurdag. Disponent Per Inge Brekke i Voss Fjellheisar AS held derimot ein liten knapp på laurdagen. Han registrerte rundt 3500 med ski eller snøbrett på beina begge dagane.

Brekke er overtydd om at han har nok snø til vinterferievekene og påsken. All snøen som no ligg i kulebakken skal flyttast til kuffertløypa så snart Kari Traa har vunne World Cup-trofeet komande helg.