Det er klart etter at det lenge var uvisst omkring lagnaden til maskinisten som bles gult på alkometeret, og som blei suspendert frå jobben.

HSD gav først kapteinen, styrmannen og to matrosar sparken etter den famøse ferjeturen der «Os» var nær ved å renna inn i eit bustadhus på Sunde i Kvinnherad. Matrosane har akseptert avskilen, medan dei to offiserane har engasjert advokat og kanskje vil be om tingingar med rutelaget. Blodprøveresultatet skal ha vist 1,1 i promille for eitt av mannskapa.

Etter det BT kjenner til, var HSD først innstilt på å gje også matroslærlingen som var på vakt sparken grunna brot på regelen om pliktmessig fråhald i åtte timar før vaktstart. Men lærlingen får lov til å halda fram i selskapet.

Politiet vil ikkje gi nærmare opplysningar om avhøyra av dei sikta mannskapa og av vitne. Heller ikkje HSD har fått vita resultata av blodprøvane. Alle mannskap er enno ikkje avhørte, og Kvinnherad lensmannskontor har bede vitne på landsida på Sunde torsdag morgon 7. november om å melda seg.

Administrerande direktør Geir E. Aga i HSD Sjø seier til BT at selskapet har strengare reglar på området enn lovverket tilseier. Ifølgje HSD-regelverket frå 1988 er det nulltoleranse for rus, lova seier 0,5 promille.

HSD har minna sine tilsette om at det ikkje er lov å oppbevara alkohol om bord på fartøya. Tilsette skal også gje melding til selskapet dersom dei har mistanke om at kollegar bryt rusregelverket.

— Her har dei tilsette eit personleg ansvar, på same måte som vi alle har det på landevegen. Det er straffbart å setja seg i ein bil dersom føraren er rusa, seier Aga.