Til avisa Vestnytt fortel Mette Mohn at ho og mannen har eit spesielt varmt hjarte for krigsseglarane.

— Me besøkte museet i fjor. Arbeidet dei gjer er prisverdig, og dei er flinke, seier Mohn til Vestnytt.

I følgje Vestnytt held Mohn-paret kvart år julemiddag for dei som er att av krigsseglarane og enkene.

— Det er interessant å høyra dei fortelja. Det er viktig at me ikkje blir historielause, sei Mette Mohn til Vestnytt.

— Det er heilt fantastisk å møta menneske som viser slikt samfunnsansvar, som tenkjer at dei vil vera med på å utvikla noko for den gode sak, rosar styrar Egil Christophersen.

Han har vanskar med å finna ord for å skildra kor takksame dei tilsette ved museet er, skriv Vestnytt.