På monumentet står namna til 53 soldatar frå heile Sogn og Fjordane og indre del av Hordaland. Om lag halvparten av dei fall i 1940, på Vestlandet og Svalbard. Dei andre fall i løpet av krigsåra, på ulike stader i verda.

Major Støyva er avsnittssjef i heimevernet, og det er HV10 som no har overteke landforsvaret av denne delen av Vestlandet. Støyva nytta høvet til å kritisera nedbygginga av landforsvaret dei seinare åra. Særleg synes han at dei ansvarlege politikarane har lett for å gløyma dei fem svarte åra i soga vår, frå 9. april 1940 til 8. mai 1945. Samstundes med tilskipinga ved bautaen, vart det sett friske blomar på relieffet i Østre Messe over dei tre falne i Bergartilleriet. Etterpå vart alle frammøtte bedne inn til kaffiøkt hjå dei som framleis held den militære skansen på Bømoen, Alliert Treningssenter Sør (ATS/S).