Ein canadisk ekspedisjon er no i Sogn og Sunnfjord for å lage ein dokumentarfilm om det største luftslaget i Noreg under krigen og senkinga av det tyske transportskipet «Oldenburg» ved Vadheim. Gårsdagens kransenedlegging var ei offisiell handling. Dykkarane la ned kransen på vegner av den canadiske regjeringa.

— Det er veldig fint, men også litt trist. Eg trur folk i Canada er lite klar over at så mange av deira landsmenn fall i kampen for å frigjere Noreg, seier Rob Rondeau. Han har finansiert ekspedisjonen, og er leiar for dykkarane.

Den svarte fredagen

Luftkampane over Sunnfjord fredag 9. februar 1945 var det største luftslaget over norsk jord under andre verdskrigen.

Om morgonen denne februardagen oppdagar allierte rekognoseringsfly fleire tyske krigsskip på veg inn Førdefjorden. Frå Skottland lettar 32 Beaufighter- og ti Mustang kampfly. Om ettermiddagen når dei norskekysten og går til angrep. Men dei allierte flya har blitt observerte av tyskarane, og frå flybasen ved Herdla går 12 tyske kampfly på vengene.

Skrekkslagne blir folk i bygdene i Sunnfjord vitne til nokre dramatiske minutt der dei allierte styrkane blir påført eit knusande tap.

Rodde ut og berga

Ti av dei allierte flya blir skotne ned og 14 soldatar fell i kampane. Ti av dei er frå Canada. Overlevande mannskap blir sett i krigsfangenskap. Tyskarane misser to mann og fem fly. Nesten som ved eit mirakel blir ingen sivile skadde.

9. februar blir seinare berre kalla «Den svarte fredagen» av folk i bygdene langs Førdefjorden.

I kampflyet som canadiarane la ned krans i cockpit på i går, overlevde mannskapet. Skadeskote styrta flyet i Høydalsfjorden i Flora. Flygaren og navigatøren blei berga av folk i bygda Hopen som såg styrten. Dei rodde ut til vraket med båt, og fekk berga dei to ut av dei iskalde fjordvatnet i siste liten. Ein av dei, britiske Spike Holly, har seinare knytt nære band til Sunnfjord, og har vore tilbake på besøk fleire gonger.

«Oldenburg»

No vil den canadiske marinarkeologen Rondeau setje luftslaget over Sunnfjord i samanheng med senkinga av verdas mest suksessrike krigsskip, «Oldenburg», ved Vadheim 7. april 1945. Historia om «Oldenburg» er fantastisk. Skipet var bygt før første verdskrig for å frakte bananer. Men då krigen kom, blei det gjort om til krigsskip.

— Under første verdskrig senka «Oldenburg» 50 skip. Ingen andre kan oppvise maken. «Oldenburg» er verdas mest suksessrike krigsskip, seier Rondeau.

Den 7. april gjekk 40 allierte Beaufighterfly til angrep på ein tysk konvoi i Vadheimsfjorden. Mellom dei handelsskipet «Oldenburg». Skipet kom i brann og sokk. Ein sjømann omkom, 11 andre blei såra. I dag ligg det i ei skråning i Vadheimsfjorden. Akterenden ligg på 23 meter, framparten på 75 meter.

— Vi var nede ved skipet onsdag. Det ser nesten intakt ut. Her i det kalde fjordvatnet går nedbrytinga mykje seinare, seier Rondeau.

Dokumentarfilmen den canadiske ekspedisjonen lagar, skal visast på fjernsyn i heimlandet, og truleg også på den store satellittkanalen Discovery Channel. I tillegg skal opptak av båten, flyet og gårsdagens kransenedlegging bli ein del av ei stor utstilling i det nasjonale luftfartsmuseet i Canada.

PÅ VEGNER AV CANADA: Canadiarane Rob Rondeau og Dave Basiove, saman med nordmannen Øystein Dragvik, er klare til å leggje ned krans på eit av flya som styrta «Den svarte fredagen». Seks av dei allierte flya som blei skotne ned var canadiske.