Åsane-klubben Hovding markerte nyleg utøvaranes mange gode resultat i 2008.

Premie for klubbens beste resultat i 2008 gjekk til Anne Hansen (17) for 44,04 på 300 m hekk, eit løp som også gav gull og meisterskapsrekord i ungdoms-NM.

Jon Anders Løkkevik (17) vart heidra for beste guteresultat med sterke 11,18 på 100 meter. Målt i poeng etter Tyrving-tabellen klarte Hovding-utøvarar den magiske 1000 poenggrensa i til saman åtte øvingar, dei fleste oppnådd av klubbens dyktige jenter.

I både korte løp og hekk oppnådde Anne Hansen klubbens beste jenteresultat, medan Malin Blomberg (15) vart beste jente i hopp, Rikke Iversen (11) i lengre løp og Marte Tuft (14) i kast.

Årets utesesong startar på Leikvang rett etter påske, og allereie 29. april ønskjer Hovding velkomen til rulettstevne.

Hovding-leikane vert i år arrangert laurdag 9. mai.

HOVDINGJENTER: Beste Hovding-jenter 2008: f.v. Marte Tuft, Anne Hansen, Malin Blomberg og Rikke Iversen.
Kjetil Bruvik