I går formiddag fekk fornyings— og administrasjonsminister Heidi Grande Røys (42) beskjed frå Kristin Halvorsen om at ho ikkje blir med i regjeringa vidare.

– Eg kjenner på to kjensler. Det eine er at eg er lei meg, eg skulle gjerne ha vore med vidare. Den andre kjensla er at eg er veldig glad og takksam for den tilliten partiet har vist meg, seier Grande Røys til bt.no.

For den lettrørte politikaren har dette vore ein vanskeleg dag.

– Då eg gjekk og rydda litt i leilegheita i går, kom det nokre tårer. Også då eg ringt heim til mor og syskena mine i dag kjende eg at det var litt tungt, så samtalen måtte gjerast kort.

Det har også vore trist å ta farvel med gode kollegaer.

– Det har blitt mange klemmar og godord. Eg har hatt ein eineståande jobb der eg har fått samarbeide med så uendeleg mange intelligente, sosiale og kjekke menneske.

Historisk

Sjølv om vonbrotet sit godt i, ser Grande Røys tilbake på regjeringsperioden med glede.

Ho viser til at ho har fått vere med og skrive historie for SV to gongar. Først som SV sin første stortingsrepresentanten frå Sogn og Fjordane i 2001, og seinare som statsråd i den første perioden der SV har vore i regjering noko sinne.

– Det er for tidleg å trekkje fram spesielle saker og hendingar, men det eg håper står igjen etter meg, er at eg klarte å løfte IT frå å vere eit område for spesielt interesserte, til å tyde noko for folk flest. Gjennom nye teknologiske tenester skal innbyggjarane oppleve at forvaltninga er moderne.

Grande Røys har brukt mykje tid på å byggje opp området for personvern i åra som minister. Dette er noko ho gjerne skulle følgt opp sjølv, men no har ho utfordra den nye statsråden, Rigmor Aasrud (Ap), på dette.

– Dette området er blitt viktigare, og slik bør det vere, seier ho.

Tilbake til Florø

No går turen heim til Florø der Grande Røys skal tilbake til styrarjobben i Havreneset barnehage i Florø etter nyttår.

– Eg har tenkt nøye gjennom dette, og er motivert og innstilt på å gå tilbake i denne jobben.

Men først ventar ferie, og Grande Røys ser fram til å ha meir tid til familie og vener.

– Allereie på fredag skal eg på jentetur, eg gler meg til å ta igjen slikt. Eg har også gode vener i Bergen som eg skal besøkje oftare enn eg har klart til no. Det fins eit liv utanom politikken som har sine gode sider.

For første gong på 18 år skal ikkje Grande Røys ha noko verv i politikken.

– Det blir uvant å ikkje lese sakspapir, og eg vil sakne å vere med på å bestemme kva retning landet skal gå i. Men eg vil framleis vere oppteken av politikk og samfunn. Eg kjem til å følgje med og vere ein god lagspelar for Florø.

Kva tykkjer du om at Heidi Grande Røys ikkje får halde fram som statsråd? Send ei helsing til henne her.