• Eg vil ikkje undervurdera mitt publikum. Difor skal videoen ha ei forteljing og frå byrjing til slutt, seier Heidi Marie Vestrheim.

PER JON ODÉEN

Denne helga brukar artisten frå Øystese til å spela inn sin fyrste musikkvideo. Soloalbumet som kom ut i vinter, har fått rosande omtale. Ho har hatt suksess med konsertar på Bylarm i Bergen og på Island. Snart står Ole Blues for tur, deretter blir det jobbar fleire stader i Norge og ein del festivalar ut på seinsommaren:

— Men alt no har eg byrja å få skrivekløe. Eg vil gjerne koma i gang med å skriva nye songar. Men det blir så mykje å gjera i vekene framover, at det blir vanskeleg å halda fokus på tekstskriving, seier Heidi som alt har planar klare for å arbeida med det neste albumet til hausten. Ein skal ikkje venta lenge med å gje ut plate nummer to.

Forteljing

Denne helga er rundt femti personar i sving med å gjera opptak til videoen. Det er songen «Time» som skal billedleggast, men på mange måtar blir det ei filmforteljing som hentar overtonar frå teksten. Filmens tema er nærkontakt og møte med menneske i ulike livsfasar og situasjonar. I ein musikkvideo er det bildet som skal fortelja, mykje skal seiast med uttrykk, rørsler og typar. Songen er melankolsk, refrenget handlar om kva for lærdommar og tankar Heidi har og kva ho vil hugsa med det ho ein gong skreiv.

Opptaka på jernbanestasjonen ser nesten kaotisk ut. Eit rom med grøne tapet er bygd opp på perrongen, rekvisitørar virrar inn og ut med ymse bilete, ei lampe heng i ei snor, og Heidi står midt i rommet og ser djupt inn i kamera når opptaket endeleg byrjar. Den kalde trekken dreg gjennom stasjonsområdet, det er ikkje lett å halda varmen.

Må ha video

— Diverre er det slik at dersom du skal bli etablert hjå det platekjøpande publikum, må du ha ein video. Heldigvis er det blitt lettare å få synt videoen på både NRK og ZTV og TV 2. Men når vi først skulle gå i gang med dette, ville eg at det skulle vera meining i forteljinga, seier Heidi, som gjev mykje ros til den unge og dyktige regissøren Marius Soma.

— Vi har ein veldig fin gjeng som jobbar med produksjonen, rundt femti er med. Dette er ikkje ein produksjon der vi kan gjera mykje fikst i digital redigering, her må det meste skje ute på opptak, både når vegger opnar seg og andre merkelege ting skjer, seier Soma.

Kvar scene er gjennomtenkt og planlagt og Soma har jobba ein månad berre med manuskript og planlegging av detaljar.

— Men dette er ein type jobb der du verkeleg elskar det du held på med! seier Soma før han går laus på neste opptak.

HEIDI MARIE VESTRHEIM spelar inn sin fyrste musikkvideo på jernbanestasjonen i Bergen denne helga. Tema er kontakt og påverknad mellom menneske og songen heiter «Time» frå hennar debutalbum som fekk mykje ros i vinter.<p/>FOTO: EIRIK BREKKE