— Vaksne fuglar stikk ikkje nebbet i så kaldt vatn. seier Nidar Kvam som saman med søstra Finnlaug i vossagrenda Bjørgum sytte for mat og stell for den forkomne fuglen i jule- og nyttårshelga.

I dag eller i morgon går turen til Granvin, der fuglen vert sleppt fri. I Granvin hekkar ein koloni på rundt 15 gråhegrer.

— Sannsynlegvis høyrer fuglen til i denne kolonien, men har teke seg ein tur til Voss for å skaffa seg ekstra god julemat, seier Nidar Kvam til Bergens Tidende.

Fiska i 15 minus

Det var onsdag før jul at Nidar kom over fuglen i elva rett nedanfor huset sitt. Han var på tur med Remo og Mona. Dei to shetlandske gjetarhundar av Blue Merle-rasen vart ståande på brua og bjeffa. Nidar speida først opp i tretoppane etter kattar, som hundane vanlegvis reagerer på, men så fekk han auga på hegra som stod molefunken i ein liten vassdam på knapt ein kvadratmeter ute i den nesten attfrosne elva.

— Der hadde han tydelegvis lenge prøvt å fanga fisk i 15 kuldegrader. Etter å ha dyppa nebbet mange gonger i det kalde vatnet, har det etter kvart danna seg ei solid hinne med is fremst på nebbet, fortel Nidar. Å opna nebbet var plent umogeleg.

Frosenmat

Derimot var det enkelt å få fuglen i hus. Nidar henta søstra si og dei nærma seg frå kvar sin kant.

— Finnlaug festa grep om fuglen og bar han i hus utan problem, fortel Nidar.

I løpet av jula og melsdagane har hegra fått skikkeleg god kost. Så vel brisling som laksekotelettar, aurekoteletter, makrell, sei og torsk har stått på menyen.

— Vi gav han først det vi hadde i fryseboksen, men då butikkane opna kjøpte vi feit fisk som makrell, etter råd frå fugleeksperten Eddy Chapman i Skulestadmo, fortel Nidar Kvam.

Chapman har konstatert at fuglen er avmagra, men i såpass god form at han kan sleppast fri i Granvin. Han bør ikkje venjast til å bli mata av folk.

Varmelampe i garasjen

Nidar Kvam er like vis om han skal seia han eller ho om fuglen. Sjølv ekspertane har problem med å bestemma kjønnet på ei ung gråhegre som vart utklekt sist vår eller sommar. For å vera på den sikre sida har han bestemt seg for namnet Hegtor, med høve til omdøyping til Hege eller Haktor om kjønnet skulle bli klarlagt.

Kvam prøvde å få den kommunale viltnemnda til å ta hand om fuglen i jula, men fekk avslag. Gråhegra er ikkje utryddingstruga, og det er heilt vanleg at individ bukkar under i første leveåret. Rådet frå kommunen var å la fuglen vera. Anten ville han overleva, eller så ville han døy i pakt med naturens orden.

Men Kvam var overtydd om at Hegtor ikkje hadde ein sjanse til å overleva på eiga hand, og ville prøva ein bergingsaksjon. Først heldt han til inne i stova. Men etter kvart vart lukta for kraftig, og det vart laga eit provisorisk bur i garasjen, med varmelampe mot dei mange kuldegradene.

Til varmare strok

Om bergingsaksjonen er vellukka, få vi neppe vita. Spørsmålet er korleis han vil klara seg i naturen resten av vinteren. Men Kvam har i alle fall sytt for ei trivelegare jul enn å stå ihelsvolten i iskalde elva med gjenklaka nebb, og gitt Hegtor ein ny sjanse i varmare strok - inst i Granvinfjorden.

SPRELSK GJEST: Gråhegra Hegtor la ut på fisketur før jul i 15 minusgrader, med attfrose nebb som resultat.
Foto: Rune Sævig