— Det ser ut som han likte seg hjå oss, seier Marianne Suhr. Ho var ei av dei som sytte for mat og stell for den forkomne fuglen i jule- og nyttårshelga.

Det var onsdag før jul at Nidar Kvam oppdaga at ein hegre hadde frose fast nebbet sitt i elva rett nedom huset han bur i.

Nebbet fraus fast

Hegren hadde prøvd fiskelukka i 15 minusgrader. Etter å ha duppa nebbet for mange gonger ned i det iskalde vatnet, fraus det rett og slett fast.

Nebbet var plent umogeleg å opna. Men dyrevenene i Bjørgumgrenda visste råd.. Dei fekk fuglen i hus, tina opp nebbet og laga ein provisorisk heim for han, fyrst i stova og sidan i garasjen. Julematen var det beste dei kunne by på av fisk.

Og straks over nyttår slapp dei han ut i Granvinfjorden etter råd frå fugleeksperten Eddy Chapman. Forvertane i Bjørgumgrenda rekna ikkje med at dei ville sjå han att.

Kom attende for å fiske

Men der tok dei feil. Suhr fortel at det no er mest ei veke sidan dei oppdaga at fuglen var komen attende. Då fiska han i elva på nytt - denne gong i mildt januarver.

— Hegren er vanlegvis svært sky og flyg sin veg straks han merkar det kjem nokon i nærleiken. Men denne fuglen flaug ikkje sjølv om vi gjekk forbi med hundar. Difor trur vi at det må vera hegren vår som er kome attende, seier Suhr.

I går var han mest heile dagen i tunet. Og Finnlaug Kvam, matmora hans, kasta ut fisk som hegren åt med god appetitt.

— Dei siste tre timane har han sete på garasjetaket. Kanskje vert han verande der i natt, seier Suhr.

I går fann matmor også fram buret til hegren og la fisk som lokkemat inne i det, i fall fuglen ville roa seg der for natta.

SPRELSK GJEST: Gråhegra Hegtor la ut på fisketur før jul i 15 minusgrader, med attfrose nebb som resultat.
Foto: Rune Sævig
SPRELSK GJEST: Gråhegra Hegtor la ut på fisketur før jul i 15 minusgrader, med attfrose nebb som resultat.
Foto: Rune Sævig