Eit lite biluhell på det smale partiet av riksveg 13 like nedanfor Skjervet i Granvin i ettermiddag gav fort køar i fredagstrafikken.

Etter kvart vart bilistane vifta forbi i ei køyrebane. Den involverte drosjen vart heist opp på lasteplanet av bergingsbilen, og arbeidet med å få ein frysebil opp av grøfta kunne ta til.