DAG IDAR TRYGGESTAD

PER MARIFJÆREN

TERJE ULVEDAL

— Brikkene byrjar å falle på plass, konstaterte statsadvokat Bjørn Kr. Soknes etter rettsdagen i går.

Tilbake på tiltalebenken sat Hassan Samryie Hashin, nærast ribba for truverde.

- Styrka sak

Påtalemakta meiner dei gjennom bevisføringa har styrka påstanden om at Hedda vart utsett for eit seksuelt motivert drap.

Hashin har forklart at han gjekk saman med Hedda mot hybelhuset, og at ho ved inngangen møtte to unggutar. Hedda vart med desse og kom først tilbake opptil ein halv time seinare. Dette gjorde Hashin svært sjalu. Han hevdar at han trudde Hedda og dei to ungdommane hadde hatt sex.

Slik forklarar han kvifor han kledde av Hedda nedantil og ville undersøkje henne. Då han ikkje fekk tilfredsstillande svar frå Hedda, kvelte han 19-åringen.

Påtalemakta meiner Hashin byggjer opp ei slik forklaring i eit forsøk på å kome seg unna tiltalen om valdtekt.

Avslørt av tid

I går slo dei tilbake med fleire bevis som fortel at Hashin ikkje snakkar sant.

n Hedda forlèt utestaden Meieriet mellom klokka 01.15-01.20. Mykje tyder på at ho vart ståande utanfor saman med Hashin, og at dei gjekk mot folkehøgskulen rundt 0130.

n Eit vitne fortel at ho såg Hashin like ved der han budde klokka 02.21. Tidspunktet er stadfesta på kvinna si taxikvittering. Staden ligg 10-12 minutts gonge frå folkehøgskulen. Hashin må dermed ha gått frå internatet seinast 02.10.

n Det tek om lag 15 minutt å gå frå Meieritet til folkehøgskulen. Det viser at det ikkje er tid til at Hashin kan ha venta på Hedda utanfor i 30 minutt, og deretter vore med inn på hybelen for å snakke ut.

n Professor Inge Morild ved Gades Institutt utelukkar også at Hashin kan ha venta på Hedda i ein halv time. Han grunngir det med alkholpåverknaden hennar.

— I blodet viser det ein påverknad på 2,5 medan målinga av urinen berre viser 1,8 promille. Det fortel oss at avdøde var på stigande rus, seier Morild.

— Kor lang tid tek det før dette jamnar seg ut?

— Det er fleire forhold som spelar inn, men ikkje noko særleg utover ein halv time, seier Morild til BT.

— Skal vi tru Hashin må det ha gått over ein time frå Hedda forlet Meieriet til han kvelte henne. Er det sannsynlig?

— Nei, svarar professoren.

Menn i krangel

Hedda Karterudseter utrykte ein fasinasjon av å omgå afrikanske menn. Ho kjende fleire i Sogndal. Ein av dei møtte ho saman med Hashin på Meieriet.

Det var denne mannen som fortalde Hedda at Hashin var gift, ei opplysning som skal ha fått Hedda til å avvise Hashin. At den andre afrikanaren fekk Heddas merksemd, var også utgangspunktet for ein krangel inne på Meieriet.

Afrikanaren held fram diskusjonen med Hashin per telefon etter at han og Hedda var gått mot hybelen.

Ni gongar mellom 01.34 og 03.18 ringde afrikanaren til Hashin. BT kjenner til at afrikanaren i avhøyr har forklart at temaet var at han meinte Hashin ikkje burde vere med Hedda heim fordi han var gift.

— Dette var også tema inne på Meieriet. Vi kan heller ikkje utelukke at det var sjalusi frå den andre mannen si side, seier statsadvokat Soknes.

STUDERER MATERIALET: Teknikarar og forsvarar studerer bilete og material frå åstaden. T. h. Herman Hoff, Inge Morild og Håvard Arntzen. Sitjande Finn Rotten. TEIKNING: GRO VIK