Knut Robert England legg neven på kneet mitt. Der blir ho liggjande. Lenge. Så lyftar og ristar han handa. Som om noko som har klistra seg fast.

— Eg kastar slagget ditt, seier han.

Mange vestlendingar har kort veg til nærmaste healer, anten dei har adresse Valevåg eller Voss, Sandane eller Stord, Lonevåg eller Loddefjord.

Annankvar nordmann har søkt alternativ behandling. Snåsamannen har gjort det meir stovereint å oppsøkje healer.

— Det er snåsamenn overalt, seier Helga Kvamme, leiar i Region vest i Det norske healerforbundet.

Det er snåsamenn overalt

Helga Kvamme i i Det norske healerforbundet

Av 375 medlemmer i healerforbundet bur kring 100 i Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane. I tillegg kjem alle dei uregistrerte. Healer er ein fri yrkestittel, men for å få momsfritak, må du vere godkjent. Ordninga vart godkjent av Helse- og omsorgsdepartementet i 2009. Så langt er kring 60 personar blitt registrerte som godkjende healerar.

Bransjen opplever at interessa for healing blant folk flest har vore stigande dei siste åra.

— Snåsamannen har hatt mykje å bety for å skape positiv energi rundt healing. Ingen healer legg skjul på det. Healing er blitt noko folk snakkar ope om, sjølv om ikkje alle er samde i hans syn på healing.

**Les også:

Fleire går alternativt**

Hjelpte seg sjølv

For Knut Robert England starta det for 40 år sidan. Han leid av sjukdomen clusterhovudverk, ofte også kalla sjølvmordshovudverk.

— Migrene var berre førenamnet. Legane la meg i narkose då eg hadde det som verst.

Så oppdaga han at han kunne hjelpe seg sjølv, ved å bruke eigne hender.

— Eg blir aldri kvitt plagene, men eg greier å dempe dei.

Etter at han oppdaga evnene sine tok han til å bruke dei, først på slektningar og vener. Dei siste 20 åra har han teke imot klientar. I dag er han ein av dei mest kjende handspåleggjarane i Sogn og Fjordane med kontor både heime i Høyanger, i Førde og Årdal.

Det åndelege

Det luktar røykelse i dei to romma i kjellaren, skilde med eit forheng. Titals stearinlys er tende. Fadervår heng i ramme. Englar, buddhaer og andre guder står på bord og heng på veggene. Symfonisk musikk med røter i indianarkulturen tonar lågt. Ramme og atmosfære skal vere trygg, energiane i rommet gode.

— Det åndelege er med meg. Eg har mi barnetru, eg har mine hjelparar. Når eg ber om å få kontakt, kjem dei.

- Märtha Louise pratar om englar. Er det det same?

  • Eg skjønar kva ho snakkar om. Men eg har mine, og eg kallar dei hjelparar.

- Kva kan du hjelpe folk med?

  • Eg kan hjelpe både med fysiske og psykiske plager. Men det finst dei eg ikkje kan hjelpe. Då seier eg, på ein så varsam måte som råd, at dei bør søkje lege.
Eg skjønar kva ho snakkar om. Men eg har mine, og eg kallar dei hjelparar

Knut Robert England

Jungeltelegrafen går

Stadig fleire healerar annonserer tenestene sine, men jungeltelegrafen er framleis uvurderleg.

— Dyktige healerar annonserer lite og ingenting. Mange har aldri vore arbeidsledige, seier Reidar Risvold, healer i snart 16 år.

Saman med Kvamme driv han eit senter i Haugesund, som tilbyr healing både av menneske og dyr.

- Får de høyre at de er kvakksalvarar?

  • Det er sikkert mange skeptikarar, men dei kjem ikkje til oss, seier Kvamme.

— Ikkje alle trur på det eg gjer, og det står dei fritt til. Ein del menn kjem fordi konene har bestilt time. Dei seier at dei ikkje trur på healing. Det spelar inga rolle, svarar eg, dei treng ikkje tru på det.

Hjelpar til søndag

England ber meg ta plass på ein stol. På telefon dagen før fortalde eg uoppfordra at eg slit litt meg ryggen. England stoppa meg straks. Han vil sjølve finne plagene mine. Eller blokkeringane som han kallar det.

Han stiller seg opp framfor meg og forklarar kva han skal gjere. Først vil han kjenne kva hendene hans fortel om aurafeltet mitt, fem-ti centimeter frå kroppen. Han skal skanne meg. Dersom eg har psykiske eller fysiske blokkeringar vil han merke det som ei motstand i handflatene. Omtrent som når to magnetar blir støytte frå kvarandre.

Hendene hans går langs kroppen min. Frå isse til fotblad. Om eg var litt skeptisk til å leggje meg under nevane til ein handspåleggjar før eg kom hit, kjenner eg no mest på ei stor ro.

— Er det korsryggen?, spør han.

  • Ja, svarar eg.
  • Strålar det ut til høgre side?
  • Om det ikkje strålar, så er det der eg har vondt.
  • Eg kjenner også blokkeringar i venstre kneet ditt og litt i høgre ankel. Så er det noko i magen. Her, seier han og dreg handa frå magen og oppover brystbeinet.

— Kan det vere noko med fordøyelsen?

Eg har hatt litt plager med kneet, det kjem og går. Og så får eg lett halsbrann. Ankelen må eg derimot stille meg uforståande til.

Vi går inn i det andre rommet. Eg legg meg på ryggen på ein benk. England legg eit teppe over meg. Ber meg slappe godt av. Forklarar at no skal han ta på meg med dei varme hendene sine. Han startar med hovudet, for å få god kontakt. Etterpå konsentrerer han seg om områda med blokkeringar. Etter eit kvarter er han ferdig.

Heile seansen varte i 30 minuttar.

  • Eg trur evnene mine er ei medfødd gåve. Det er dei som seier at alle har det i seg, og kan utvikle det. Eg tvilar på det. Men eg trur kjelda er den same for alle, svarer han, og peikar oppover i universet.
  • Fann du mykje slagg?, spør eg.
  • Det var ein del. Eg sender med eit par av mine hjelparar. Du har dei med deg til søndag kveld.

Diskuter saka under:

EI GÅVE: Musikk, levande lys og røykelse er viktige for å skape den atmosfæren Knut Robert England vil han når han jobbar med handspålegging. Han meiner evnene som healer er medfødde. Også mora hadde varme hender. - Kanskje er det noko genetisk?, spør han. FOTO: Oddleiv Apneseth