Ein dag i 1995 fekk tannlege Bjørg Neverdal telefon frå ein mann ho knapt hadde møtt. Det var healeren Oskar Magnus Ekeland som sa at han hadde sett på auraen hennar at ho tok inn meir energi enn ho trengde sjølv. Kort tid etter tok ting til å skje i huset på Rong. Lyset gjekk av og på. Radioen pendla mellom stasjonar. Vasskraner opna seg. Bøker datt i golvet.

Ein dag kjende ho ein vind rundt høgre hand. Seinare vart fingertuppane så varme at det kjendest som om dei vart svidde mot ei kokeplate, når ho spelte trekkspel. Ho tok til å gå i healerlære hos Ekeland, og driv i dag eit helsesenter i heimen Villa Rosa. Hit kjem både tannlegepasienter og folk som ber om healing. Eller begge delar.

– Du kan heale hjarta mitt. Eg har hatt så vondt i musklane i området, seier Cecilie Sæle frå tannlegestolen.

Neverdal fører hendene langs nakke og skuldre, over bryst og hals.

Vegg i vegg ligg healingrommet. Rundt benken er det både katolske ikon, Jesus-bilete og ein buddhastatue.

– Kall det Gud, intelligens i naturen eller universet. Det er same kraft uansett. For meg er ingenting overnaturleg. Alt er naturleg.

Neverdal, som også held healingkurs, seier at dei fleste av oss har healerevner.

– Alle som har nestekjærleik, og verkeleg ynskjer det, kan trene seg opp.

Når Neverdal healer, kan personen liggje på benken i Villa Rosa eller vere milevis unna.

– Ein gong ga eg fjernhealing til ei dame austpå, som var plaga med hard mage. Etter ti minutt ringde telefonen. Ho hadde alt vore på toalettet!

Neverdal seier at ho kan hjelpe folk med det meste.

– Tankens kraft er sterkare enn noko anna. Men som healer stiller eg aldri diagnose.

Sitt mest spesielle oppdrag fekk ho på ein trekkspelfestival i Arendal.

– Ei 75 år gammal kvinne ba meg heale mannen på 69 år, fordi han var så kjedeleg! Han drakk ikkje alkohol. Når dei andre tok eit glas om kvelden, gjekk han og la seg. To dagar seinare kom kona bort og sa: "No har du heala han bra. Han har vore full i to dagar!"