Dermed frikjende Sunnhordland tingrett healeren frå Stord frå tiltalen om å ha skaffa seg «seksuell omgang ved misbruk av stilling».

Våren 2005 oppsøkte kvinna frå Rogaland healeren for å få hjelp med sine plager med kronisk trøyttskap-syndrom. Kvinna sin kjærast kjente Stord-healeren gjennom jobben, og slo følgje med henne på første konsultasjonen, som gjekk føre seg i healeren sin privatheim.

Healeren fann ut at kvinna hadde blokkeringar i overkroppen og livmora. Ved å leggja hendene sine på desse stadene, ville han løysa opp blokkeringane. Alt på første konsultasjon, der også kjærasten var med, blei kvinna beden om å ta av seg på overkroppen.

Under seinare behandlingar blei ho ifølgje eiga forklaring også beden om å ta av seg bukser og truse. Ein gong heldt healeren tre fingrar inne i kvinna si skjede i heile 45 minuttar, påstod ho. Healeren nekta blankt i retten, men seier at han heldt hendene mot brysta og mot magen under navelen for å løysa opp blokkeringar.

Retten finn det merkeleg at kvinna tillet healeren å gjera det ho hevdar han gjorde med henne, og at ho venta lenge med å melda forholdet til politiet.

I saka hadde aktor lagt ned påstand om åtte månader fengsel for healeren, og krav om erstatning og oppreisning.

Den fornærma kvinna skal ha forklart healeren at ho følte seg betre etter dei om lag fem behandlingane. I retten forklarte ho at ho i ettertid har hatt store seksuelle problem og vanskar med å stola på menn.