• Hilfe! Hilfe! roper havfrua Åsne Sunniva Søreide til to gamle tyskarar i båt. - Ich kann nicht schwimmen!

TYSNES

Sjøen ligg speilblank, sola står lågt. Ungar leikar i vatnet. To kvithåra tyskarar fiskar fredelig frå ein båt. Åsne Sunniva Søreide (30) står i vasskanten med paljett-fiskeskinn rundt kroppen. Ho får auge på fiskarkarane langt der ute.

— Eg treng hjelp! Kan de kome hit! Eg kan ikkje symje! roper ho på sped tysk til dei to gamle.

Dei ser mildt sagt forundra ut. Dei kjem. Utan spørsmål hjelper dei havfrua galant om bord, køyrer ho til det vesle skjeret, sit og smiler og ventar til fotoseansen er over, og køyrer ho varsamt til land.

— Danke schön, smiler havfrua mens ho strevar for å kome seg opp på bryggja.

Åsne har synt fram kostymet som er del av ein havfrueperformance bygd på sagn og myter. Den blei urframført under arrangementet «Tysnes rundt», og skal seinare til Oslo, Færøyane og Italia.

Rekkjetun-Åsne

— Rekkjetunet ligg 64 svingar etter du tar av ved Amland. Det er berre å telje, forklarer ei mild røyst i telefonen.

Vi blir kvalme og kjem ut av teljinga lenge før den 64. svingen, men til det gamle Rekkjetunet kjem vi uansett. Det er berre ein veg.

Mellom busker og gras høyrest eit «hallooo» før vi får smelt att bildøra. Med jenteaktig blondekjole, høghæla sko og raud munn kjem Åsne Sunniva Søreide gåande. Rekkjetunet, som består av eldhus, stall, stabbur, løe og våningshus frå 1599, er eit lite paradis: Hagen er frodig og vill, huset eldgammalt og skeivt, Åsne vakker og mystisk.

Åsne er songar, komponist og musikar. Ho er grafikar. Ho er huseigar og landeigar, tømmerhoggar og skogryddar. Ho er havfrue, hulder, gudinne og mellomaldarkvinne. Åsne Sunniva Søreide er ikkje til å tru.

Opera-Åsne

No vil ho byggje opera. Eller rettare sagt: Ho vil lage ein opera av siloen som står bak fjøset.

— Vestlandets første opera! strålar ho entusiastisk.

— Eg har vore i kontakt med ein professor i akustikk ved Høgskulen i Oslo for å sjekke lyden. Eg er i kontakt med ingeniører på Stord som skal sjekke om bærebjelkane held. Eg har ein ven som er professor i arkitektur i Vilnius som har laga ein modell, seier Åsne.

— Og ja - riksantikvaren synest det er ein god idè. Han meiner eg skal bruke bygga her på ein måte som passar yrket mitt.

Operaplanane innheld også ein kafé på silotoppen. Og kanskje eit innspelingsstudio. Den nikanta siloen frå byrjinga av 1900-talet ser stusseleg ut der den står bak løa, liten og grå.

Motorsag-Åsne

Åsne overtok den historiske garden etter foreldra for to år sidan. Husa står på rekkje og rad. Løa og våningshuset er samanbygd. Derav namnet. Byggeskikken var vanleg i mellomalderen, og Åsnes tun er det best bevarte på Vestlandet. Åsne Sunniva er engasjert, kreativ, bestemt og blyg på ein litt pussig måte.

Når ho strekk fram ei lita hand for å helse, får ein ikkje akkurat inntrykk av at det er mykje tak i denne jenta. Når ho løftar sukkerskeia til tekoppen på ultrafeminint vis, ventar vi rett og slett ikkje utsegn som:

— Eg tok motorsaga og rydda skog her om dagen. Åsne har gått på laftekurs, to motorsagkurs og agronomkurs på Gol. Der hadde dei økonomiske fag. Åsne har lært forretning. Ho har store planar for kva ho skal gjere etter å ha teke ut 800 kubikk skog frå den 400 mål store eigedommen.

Mellomalder-Åsne

— Eg har ei litt stygg kjensle av at det ikkje kjem nokon til konserten i dag, seier Åsne medan ho skjenkar eplemyntete frå hagen.

Vi tek ho ikkje alvorleg. Nokon kjem til å komme. Kvelden før kom det 25 tilhøyrarar, men søndagskonserten har blitt feilannonsert i avisa.

Vetlestova, som ein gong i tida var eldstova på garden, er i dag eit knøttlite konserthus og galleri. For første gong stiller Åsne ut eige arbeid. Ho avslutta første året på Kunstakademiet i Bergen i vår. Åsne viser fram grafiske arbeid, og kunstnarvenen Roar Kjærnstad stiller ut måleri.

Åsne har invitert til konsert klokka eitt. Det kjem ingen til konserten. Ikkje ein einaste ein. Åsne seier ikkje huff ein gong.

— Då får eg halde konsert for dykk, seier ho, går inn i hovudhuset og skifter til mellomalderkvinne.

— Å, eg skal kvede så vent for deg at du skal gløyme deg sjølv og meg, syng Åsne.

Ho fyller Vetlestova mod song og spel frå langeleiken. Ho fyller Vetlestova med stemning. Ho treng ikkje tilhøyrarar.

Gudinne-Åsne

Åsne lagar musikk sjølv også. Vi får ein smakebit av filmmusikken til «I gudinna sine fotspor» som blei spelt inn på Tysnes ei tid tilbake. Åsne var gudinna, sjølvsagt.

— Vi bygde på gammal, lokal, hedensk tru. Naboane stod borti vegen og skulte. Eg inviterte dei bort, eg, så dei fekk sjå skikkeleg, fortel Åsne.

Til hausten skal ho på turné med Micericordia, ein duo frå England som speler 45 instrument.

— Heilt fantastiske, seier Åsne.

Ho samarbeidde med dei i fjor. Den gong var det englemusikk. No er det mellomaldar-musikk, folkemusikk frå Europa og eigenkomponert stoff. Dei skal til Frankrike, Italia, Tyskland, kanskje Japan, kanskje USA. I oktober gjer ho ferdig innspelinga av ei juleplate saman med dei. Månaden før speler ho inn plate saman med Paolo Vinaccia. Folkeperkusjonelektronika.

— Musikken er eterisk, med lange, svevande linjer. Litt Enya-aktig, forklarer Åsne. Dei er i samtale med eit stort plateselskap, men Åsne vil ikkje seie kva for eitt.

Grenselause Åsne

Åsnes idear er grenselause. 400-års jubileet til huset blei feira med magedanserinne i hagen og loppesirkus for barna.

— Dei drog vognene, heilt fantastisk! fortel ho.

— Kven?

— Loppene! Ungane var heilt i ekstase!

Åsne er ikkje som Peer, ho verken lyg eller skryt. Ho gjer ikkje som Bøygen seier, ho vik ikkje. Ei heller er ho merkt av Jantelova. Ho berre gjer ting. Ho berre tenker, får idear, set dei ut i livet.

Åsne elskar heimplassen sin. Det var her ho blei fødd, det var her ho vaks opp. Åsne med det lange, mørke håret. Åsne med den milde røysta, den glade oppmodinga om å bli til middag, om å bade, om å kome på konsert, om å kome igjen. Åsne Sunniva Søreide er ikkje til å tru.

<b>HAVFRUE-ÅSNE:</b> Åsne Sunniva Søreide (30) var den første huldra i Kjosfossen. Sidan den gong har ho vore gudinne og mellomalderkvinne. Her er ho havfrue på Tysnes. Kostymet er designa av ven og samarbeidspartnar Armand. <br/> FOTO: VEGARD VALDE