Utolmodige ser dei på teljeverket inne på kaien. Mannskapet på «Liafjell» vil ut på sjøen igjen.

Dei leverer 200 tonn sild til mottaket på Bontelabo. Pumpene klarar 50.000 kilo i timen, men det skulle gått fortare meiner dei seks karane om bord.

— No må de baska på alt de kan! Thomas Lie, styrmann

Skipper Paul Utvær ser på skjermen kor andre båtar er: Utanfor Toftøy i Øygarden ligg tre båtar og jaktar på sildestimane.

— Det er det grovaste eg har sett, seier han om sildefisket som har vore sidan nyttår.

— I mine 36 år som fiskar har eg aldri sett slike mengder som no.

Norsk vårgytande sild er tilbake slik ein ikkje har sett sidan bestanden kollapsa på 60-talet.

Jakt med sonar

«Liafjell» står endeleg ut Byfjorden. Det gjeld å koma fram før det er mørkt.

Fiskebåten på 90 fot stikk ut i havet gjennom Rongsundet i Øygarden og skrur straks på sonaren.

Sildestimane, eller «dottane», viser som raude flekkar på skjermen. Praten i styrehuset har stoppa. Skipperen snur båten mot ein lovande flekk.

Han saktnar farten og siktar inn sonaren. Trykkjer på knappar og studerer korleis biletet av stimen endrar seg.

— Nei, ho står for djupt! seier han like etter.

Full fart vidare i havdønningane mot neste raude flekk. Sonaren når over to kilometer i alle retningar.

Etter mindre enn ein time er rette sildestimen funnen og garnlekkja på veg ut.

Kollapsen

I år skal det hentast nesten ein million tonn sild på norskekysten. 1966 var toppåret med 1,7 millionar tonn. 1,1 millionar tonn året etter, var heller ikkje dårleg.

Men så kom kollapsen: I 1968 klarte ein å finna berre 0,3 tonn sild, fortel Ingolf Røttingen ved Havforskningsinstituttet.

— No er all sild under 25 cm freda for at silda skal kunna gyta, forklarer han.

— Den gongen fiska ein alle storleikar til det ikkje var meir igjen.

Baska på!

Om bord i «Liafjell» vert den 600 meter lange nota dregen rundt stimen og botnen snørt igjen. Sola går ned i havet og silda er fanga.

Om ein time skal vi sjå mengder av sild sprella ved skutesida. Karane startar å dra nota inn.

Plutseleg ser vi nota forsvinna nedover i djupet på eine sida. Silda har bestemt seg for å gå mot djupet.

Karane ropar fram og tilbake. Arbeidet med å dra inn har stoppa litt opp og stimen har fått sjansen til å stikka av.

— No er det fare for at stimen plutseleg fer over kanten på nota, seier Thomas Lie, styrmann om bord.

— No må de baska på alt de kan! ropar han bak til dei tre som arbeider med å få nota om bord.

Dei kjem i gang igjen og silda gir seg. Nota flyt opp og blir ein heil sirkel som snører seg sakte saman rundt fangsten.

Gode tider

Sidan nyttår har fiskarane følgd silda si vandring sørover frå Troms.

Dei har ikkje vore heime sidan dei drog frå familiane tre dagar etter nyttår.

Dei fiskar sild, lodde og makrell utan fri i månadsvis.

Men så har dei også sommarferie frå april til september, berre med fjorten dagar på nordsjøsilda i slutten av mai.

Mat for folk

Det meste går til konsum, dvs menneskemat.

Ukraina, Russland, Egypt og Nigeria er store marknader.

— Vi kan takka vêret, seier kapteinen på «Liafjell».

— Det har vore eit eventyr sidan vi drog nordover 3. januar.

Men prisen er han ikkje nøgd med.

— Berre sjå prisen dei tek i butikkane! Over femti kroner, mens vi får berre to!

Men det er likevel gode tider for dei som fiskar sild.

No er nota dregen saman og alt for mykje sild ligg ved båtsida. Ein båt i nærleiken kjem for å pumpa opp resten når romma er fulle hos «Liafjell».

300 tonn sild vart teken opp or nota denne kveldsstunda.

Havets sølv er tilbake.

SKIPPER PÅ SKUTA. Paul Utvær har vor fiskar siden 70-talet. Han har ikkje sett slike mengder sild før.
HAVET SØLV. Her ligg sild for over ein halv million.
GODT Å VERA FISKAR. Thomas Lie ser ut over fangsten, gjort unna på nokre timar ein ettermiddag.