Etter planen skulle Havarikommisjonen starta arbeidet med å granske årsaka til ulukka i føremiddag.

Lensmann i Jølster og Gloppen, Knut Skurtveit, seier til bt.no at dykkarar i føremiddag vil starte arbeidet med å hente opp vrakdelar frå sjøen.

— Vi veit ikkje over kor stort område vrakrestane kan vere spreidd, seier lensmannen.

Flyet vart fullstendig knust i ulukka.

Namna på dei to som omkom i flystyrten er førebels ikkje frigitt av politiet. Men det er klart at dei to omkomne begge var erfarne flygarar. Piloten, ein 50 år gammal mann, hadde sjølv bygt Falco-flyet som styrta. Den 65 år gamle passasjeren overlevde flystyrten i Geiranger sommaren 1998 der fire tyske turistar omkom.

TO OMKOM: Småflyet havarerte ved Finnvika, nordøst for Sandane lufthavn.
FOTO: ODDLEIV APNESETH