Den svære mobilkrana som er innleigd til jobben, kan løfta opp til 600 tonn. Eit El-14 lokomotiv på knapt 105 tonn skulle såleis vera reine barnematen. Men ein svikt på elektronikken førte til at det ikkje vart løfta eit einaste gram i den togfrie «luka» mellom klokka 17 og 18 i går. Det vart jobba febrilsk for å retta feilen til neste «luke», frå klokka 22 i går kveld til klokka 08 i dag tidleg.

Dermed var det uklart om operasjonen kunne gjennomførast då Bergens Tidende gjekk i trykken. Ein togfri period mellom nattoga natt til måndag står i reserve som plan B.

Operasjonen med tunge løft gjekk heilt etter planen dei første timane. Mobilkranen kom til Kvilekval i køyremodus på E16. Med draghjelp frå ein hjullastar kryssa dei elva Vosso etter ei løype som fiskeribiologar har staka ut, utanom Vossolaksen sine gytegroper. Deretter gjorde mobilkranen seg stor og sterk ved å lasta på seg ekstra vinsjetrommel og 160 tonn med motvektlodd, tilkøyrt på fire godsvogner med jernbanen.

Dette arbeidet kunne utførast med avslått straum. Først når lokomotivet skal på skjenene/skinna må køyreleidningen demonterast.

Fase tre måtte utsetjast på grunn av elektronikktrøbbel i den flunkande nye kranen. Då skulle lokomotivet løftast opp frå sitt stabile sideleie, og setjast på rett kjøl, det vil seia ståande på bakken på sine solide jernhjul. Difor måtte også denne fasen gjennomførast i natt.

ARNE HOFSETH