Hobbyfiskar Ivar Halset var ute med sjarken sin for å drage inn eit trollgarn. Overraskinga var stor då han såg eit beist av ei kveite kome til overflata — antakeleg rundt 150 kilo tung.

— Ein skvett litt med det same, men eg blir aldri skremd av slikt. Eg har fiska sidan eg var 15 år. Men dette er den absolutt største fisken eg har fått. Det er heilt ufatteleg, seier han.

For lita vekt

Halset håva først inn nokre torskar og hyser med trommelen om bord i sjarken sin.

— Eg merka ikkje noko før den enorme kveita var rett under båten min, seier han.

Monsterkveita var fanga omtrent rett ved fjøresteinane. Garnet var sett berre ti meter frå kaia til Halset, rett ved huset hans i Vik i Sogn. Han greidde ikkje heise den om bord, så han slepte giganten inn til kaia. Der fekk han hjelp av ein traktor til å få fisken på land. Halset hadde ikkje stor nok vekt til fangsten, og det hadde ingen i nabolaget heller.

— Det tok meg ein halvtime å filetere den. Det går raskt om ein veit kva ein driv med, fortel Halset, som fiskar kvar dag når det er sesong.

Uvanleg fangst

Havforskar Otte Bjelland ved Havforskningsinstituttet fortel at ein slik fangst er uvanleg i Indrefjorden.

— Det er ei veldig stor kveite til å vere fanga der. Det er ikkje ofte vi ser så store kveiter sør for Stad, seier han.

— Det som er spesielt med kveita, er at den veks heile livet. Den kan bli 3 meter og godt over 200 kilo tung. Denne veg nok rundt 150 kilo, og kan vere i overkant av 30 år gamal, fortel havforskaren vidare.

Halset fann ikkje rogn på kveita, og var usikker på kjønnet.

— Eg ser at det heilt sikkert er ein hofisk. Store hokveiter som dette har stor verdi i forbindelse med gyting, og ein på størrelse med denne har mest sannsynlig hatt veldig mykje rogn. Sidan det ikkje blei funne på fisken, har den nok gyta seg ferdig og starta beiting for å feite seg opp. Så ho har fått gjort sitt i år, fortel Bjelland.

Ypperleg god

— Det er middag nok til heile familien, men vi klarer ikkje ete opp alt, flirar fiskaren.

Difor blir kveita no selt vidare til Austlandet.

— Men eg har smakt på den, og den var ypperleg god. Den smakte nesten litt som ein mellomting av breiflabb og hummerkjøtt, seier Halset.