Ungdomslaget Samhald arrangerte haustfest i Bygdaheimen på Holmefjord for bygdefolket i og rundt Holmefjord 13. oktober. Det var duka for ein trivleg aften med mykje godtfolk, god mat og god dansemusikk.

Det vart servert heimalaga betasupa, og bordsetet var hyggeleg og sosialt.

Gitarspel og sang sette ein ekstra spiss på stemninga. Folk uttrykkte at det var hyggeleg med eit slikt bordsete.

Seinare på kvelden spelte gammaldansorkesteret Galder frå Osterøy og Voss til dans. Folk fekk svinga seg, og stemninga var god. Gjennomgangstonen var at dette var eit triveleg arrangement, og at det er positivt for bygda at det vert arrangert samkome av slikt slag.

Me ser fram til neste dans i Bygdaheimen!

Galder speler til dans.
Kristine Solberg
Tore Johannes Matland underheld med musikk under bordsetet.
Kristine Solberg