Tre år på rad har det same skjedd. Selskapet FMS Biopolymer, som i praksis har monopol på å hauste tare i Norge, har søkt om dispensasjon frå vernereglane for å kunne tråle i sjøfuglreservat i Sogn og Fjordane. Fylkesmannen har innvilga søknaden. Så har Norges Miljøvernforbund klaga. Direktoratet for Naturforvaltning (DN) har deretter tatt klagen til følgje, og lagt ned forbod.

Men frå dispensasjonen blei gitt til DN gjorde om vedtaket, har Biopolymer hatt fritt leide til å hauste av naturressursen i dei verna områda.

— Selskapet har stadfesta overfor oss at dei alt har hausta i verneområda der dei fekk dispensasjon. Men dårleg vêr har hindra trålinga i fleire område, opplyser førstekonsulent Tore Larsen ved miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Etter det Bergens Tidende kjenner til, blei det hausta bortimot 3000 tonn av ein total på kring 20.000 før stoppordren kom.

Går til politiet

Leiar i Norges Miljøvernforbund, Kurt Oddekalv, meiner det som har skjedd er totalt uakseptabelt.

— Dette er tøv. Det som har skjedd her er etter vårt syn ei kriminell handling. Vi kjem til å sjå på dette straks, og vurdere å melde saka til politiet. Dette er som å søkje å få føre opp eit hus og så byggje medan du ventar på at søknaden blir handsama. Det er vel ikkje lovleg? spør Oddekalv.

Men både i direktoratet og ved fylkesmannsembetet har dei ei anna oppfatning.

— Slik er systemet, seier seksjonssjef Knut Fossum i DN til Bergens Tidende. Både Fossum og Larsen meiner FMS Biopolymers hausting har vore fullt lovleg.

— Miljøvernforbundet kunne bedt om at det blei gitt oppsetjande verknad. Hadde det blitt gjort, kunne hausting blitt nekta til klagesaka var avgjort, seier Tore Larsen.

— Men det kunne vel Fylkesmannen også, og burde ikkje det vore gjort når det nærast er blitt rutine at DN opphevar dispensasjonane?

— Det kunne vi kanskje, svarar Larsen.

Gentlemans agreement

Han forklarar at det har vore ulike forhold knytta til dispensasjonane dei tre siste åra. Sist var ei viktig årsak at Biopolymer gjekk med på å halde seg vekke frå ein del svært viktige vinterområde for sjøfugl der selskapet har lov til å tråle.

— Så det var altså snakk om ein «gentlemans agreement»?

— Det var vel kanskje litt grovt sagt. I nokre av dei freda områda er taren relativt lite viktig for sjøfuglartane. Og det har vi prøvd å ta omsyn til i vår forvaltning.

DNs avgjerd i den siste saka betyr i praksis at det for ettertida ikkje kjem til å bli gitt dispensasjonar for å tråle i sjøfuglreservat. Det stadfestar Tore Larsen hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane overfor Bergens Tidende.

— Etter den gjennomgangen Direktoratet no har komme med, har vi gitt FMC Biopolymer beskjed om at dei ikkje kan vente å få innvilga dispensasjonssøknader, seier førstekonsulenten.

Ein strid som har gått over fleire år er dermed avgjort. Verneplanen for sjøfugl i Sogn og Fjordane blei vedtatt i 1993. Like sidan 1996 har Fylkesmannen gitt dispensasjonar til Biopolymer. Hovudargumentet har vore å avhjelpe behovet for råstoff i tarenæringa.