Forsøket med direkteval for fire år sidan vart historia om bonden som hausta noko anna enn det han trudde han hadde sådd.

— Dei som trudde at det skulle bli større interesse rundt lokalpolitikken, blei nok grundig skuffa, seier professor i offentleg politikk, Helge O. Larsen. Han leia evalueringsarbeidet etter at 20 kommunar gjennomførte direkte ordførarval i 1999.

Tre mål var skisserte: Auka valdeltaking, større engasjement og endra rekruttering til lokalpolitikken. I 15 av dei 20 kommunane gjekk valdeltakinga ned. Enkelte kommunar opplevde ein viss tendens til friskare debatt, men mykje av grunnen var medias fokus på desse vala.

Mindre hestehandel

Derimot fekk valet utslag som ingen hadde tenkt på førehand.

— I flesteparten av dei 20 kommunane gjorde direktevalet at den tradisjonelle hestehandelen om posisjonar etterpå blei redusert. Konstitueringa gjekk og lettare, seier Larsen.

Overraskande var at svært mange røysta ulikt på ordførar og parti. I snitt stemde kvar tredje veljar ulikt, og i enkelte kommunar røysta 40 prosent på ein annan ordførarkandidat enn toppkandidaten frå partiet dei stemde på.

Ingenting tyder på at dei direktevalde ordførarane fekk eit svakare maktgrunnlag. Personfokuseringa var sterk, men slik er det ofte i lokalpolitikken. Grunnen kan vera at det stort sett var små kommunar som hadde slike val. Det blir spennande å sjå om dette endrar seg i år, der ein del større kommunar køyrer dette opplegget, seier Larsen.

Dobbelt så mange

Talet på kommunar som skal ha direkteval denne gongen er dobla. 16 av kommunane som er med i år, var også med i 1999. I tillegg har det komme til 16 nye. I alt er 41 kommunar med, tre av dei i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Samnanger var også med for fire år sidan. I Os skal dei dessutan prøve ei ordning som også medfører at mynde til ordføraren blir endra. I Sogn og Fjordane er Selje einaste kommune i forsøket.

Mellom dei folkerike kommunane som i år skal ha direkteval er Molde, Arendal, Harstad og Kongsberg.