— Lykke til med brua og Hallingdal og alt, sa styreleiaren i AS Haukelivegen, Arne Storhaug.

Han var med i delegasjonen som i går orienterte Samferdsleutvalet i Hordaland fylkeskommune om vyane for ein framtidsretta ekspressveg mellom Austlandet og Vestlandet over Haukeli.

— Vi må ha to tankar i hovudet samstundes, sa Storhaug, som til dagleg er ordførar i Bø i Telemark.

Han meinte at Hardangerbrua i liten grad vil «stela» trafikk frå ekspressvegen, slik han er tenkt.

Styreleiaren la vekt på vyane for ein kortare, flatare og meir snøsikker E134 over Haukeli då han i går orienterte Samferdsleutvalet i Hordaland.

Det er venta at regjeringa legg fram stortingsproposisjonen om Hardangerbrua fredag.

To tunnelar først

Storhaug har to krav.

  • Utviding av alle tunnelar til 4,2 meter lovleg høgd må gjerast ferdig i løpet av 2006, slik det er vedteke.
  • Dei to første tunnelane på ekspressvegen må vera ferdig bygt innan 2015. Det hastar med planar og konsekvensutgreiing.Tunnelane ligg begge i Odda kommune og Hordaland fylke. Dei gir nesten flat veg frå Korlevoll til austenden av Haukelitunnelen. Ein slepp klatra opp til Seljestad, sleppa seg ned att til Røldal og klatra opp Austmannalia. Dette er viktig for tungtrafikken. Veglengda vert innkorta med om lag 15 kilometer. Køyrer ein over Løfallstrand, blir denne vegen dermed kortare enn dei andre vegane mellom Bergen og Oslo, unnateke Hardangervidda.

Positivt motteke

Samferdsleutvalet uttrykte ingen motvilje mot framlegga, og Per Steffen Myhren i Statens Vegvesen seier til Bergens Tidende at det er naturleg å ta fatt på ei utgreiing av denne vegstrekninga.

Han er meir skeptisk til ein del av framtidsvyene for å å få Bergen kopla til hovudvegen mellom Oslo og Haugesund.

— Her er det skissert ei bru over Hardangerfjorden ved Jondal. Den må bli 300 meter lengre enn Hardangerbrua, og dermed nesten dobbelt så dyr. I tillegg kjem to bruer på storleik med Askøybrua nærare byen. Berre strekninga Bergen Jondal må kosta fem milliardar kroner, trur Myhren.

Ny finansieringsmodell

Men Haukeliveiens Venner, som har lansert ekspressvegprosjektet, meiner planane er realistiske og sjølvfinansierande. Dei trur ikkje på fullfinansiering over statsbudsjettet, men vil satsa på offentleg og privat samarbeid (OPS) som finansieringsmodell, med offentlege og private investorar og bompengar som inntektskjelde.