Haukeli-vener droppar brumotstanden

Vener av Haukelivegen avlyser motstanden mot Hardangerbrua.

- Lykke til med brua og Hallingdal og alt, sa styreleiaren i AS Haukelivegen, Arne Storhaug.

Han var med i delegasjonen som i går orienterte Samferdsleutvalet i Hordaland fylkeskommune om vyane for ein framtidsretta ekspressveg mellom Austlandet og Vestlandet over Haukeli.

- Vi må ha to tankar i hovudet samstundes, sa Storhaug, som til dagleg er ordførar i Bø i Telemark.

Han meinte at Hardangerbrua i liten grad vil «stela» trafikk frå ekspressvegen, slik han er tenkt.
Styreleiaren la vekt på vyane for ein kortare, flatare og meir snøsikker E134 over Haukeli då han i går orienterte Samferdsleutvalet i Hordaland.
Det er venta at regjeringa legg fram stortingsproposisjonen om Hardangerbrua fredag.

To tunnelar først
Storhaug har to krav.



  • Utviding av alle tunnelar til 4,2 meter lovleg høgd må gjerast ferdig i løpet av 2006, slik det er vedteke.
  • Dei to første tunnelane på ekspressvegen må vera ferdig bygt innan 2015. Det hastar med planar og konsekvensutgreiing.

Tunnelane ligg begge i Odda kommune og Hordaland fylke. Dei gir nesten flat veg frå Korlevoll til austenden av Haukelitunnelen. Ein slepp klatra opp til Seljestad, sleppa seg ned att til Røldal og klatra opp Austmannalia. Dette er viktig for tungtrafikken. Veglengda vert innkorta med om lag 15 kilometer. Køyrer ein over Løfallstrand, blir denne vegen dermed kortare enn dei andre vegane mellom Bergen og Oslo, unnateke Hardangervidda.

Positivt motteke
Samferdsleutvalet uttrykte ingen motvilje mot framlegga, og Per Steffen Myhren i Statens Vegvesen seier til Bergens Tidende at det er naturleg å ta fatt på ei utgreiing av denne vegstrekninga.

Han er meir skeptisk til ein del av framtidsvyene for å å få Bergen kopla til hovudvegen mellom Oslo og Haugesund.

- Her er det skissert ei bru over Hardangerfjorden ved Jondal. Den må bli 300 meter lengre enn Hardangerbrua, og dermed nesten dobbelt så dyr. I tillegg kjem to bruer på storleik med Askøybrua nærare byen. Berre strekninga Bergen Jondal må kosta fem milliardar kroner, trur Myhren.

Ny finansieringsmodell
Men Haukeliveiens Venner, som har lansert ekspressvegprosjektet, meiner planane er realistiske og sjølvfinansierande. Dei trur ikkje på fullfinansiering over statsbudsjettet, men vil satsa på offentleg og privat samarbeid (OPS) som finansieringsmodell, med offentlege og private investorar og bompengar som inntektskjelde.


Les også

Siste fra Lokalt

Fylkesmannen slår ned på bar i naust

- Bare noen gamle møbler, sier eierne. - Ulovlig, mener fylkesmannen.

Slik kom politiet på sporet av vrakene

Ren slump avslørte dumpingplass ved Knarvik. Her er historien bak.

Båt havarerte ved kai i Sandviken

Brannvesenet legger ut lenser for å stoppe diesellekkasje fra båten «Victoria Regina» i Elsesro i Bergen.

Forbyr salg av barnegrøt

Barnegrøten kan være helseskadelig.

- Ulykkene preger folk her ute

To dødsulykker på kort tid i Lindås. Rusede sjåfører skal ha utløst begge - og selv overlevd sammenstøtene.

Planla flukt med småfly til Serbia

På Youtube hadde han lært å fly småfly. Med det kunne han komme seg til Serbia. Slik planla Anders Behring Breivik flukten.

Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

SØK I SKATTELISTENE (2009)

Siste saker

Lederstillinger

Stillinger