ARNE HOFSETH

Sju opposisjonspolitikarar frå fleire fylke har fremja eit såkalla dokument 8-framlegg om saka. Får framlegget fleirtal, blir samferdsleministeren instruert til å utvida tunnelane snarast, og gje lovleg passasje for inntil 4,2 meter høge bilar.

Framlegget er i tråd med eit ferskt vedtak i Hordaland fylkeskommune.

Ingen frå SV er blant dei sju forslagsstillarane, men dagleg leiar Børge Skårdal i Haukelivegen AS vonar at også SV vil støtta framlegget, slik at det får fleirtal.

— Partiet har ikkje sagt nei, seier Skårdal til Bergens Tidende.

Det er Haukelivegen AS som overfor Samferdslekomiteen i Stortinget har sett fram ynskje om offentleg høyring. Lastebilnæringa har kravt det same.

— Vi har særleg reagert på Vegstellet sin framgangsmåte, seier Skårdal til Bergens Tidende.

Han viser til at mange stamvegar i Noreg har tunnelar med høgderestriksjonar, men dei har i liten grad vore handheva, fordi det ikkje har vore noko trafikktryggleiksproblem. I desember vart reglane handheva på denne vegen, og ingen av dei andre. På den aktuelle strekninga har det aldri vore ulykke fordi bilane er for høge, hevdar Haukelivegen AS ved styreleiar Arne Storhaug.

I brevet til Samferdslekomiteen skriv han at dei ikkje får tilfredsstillande svar hjå Vegvesenet og statsråd Skogsholm. Han stiller seg undrande til motiva bak den uvanlege handlemåten. Ei høyring i Stortinget kan få fram meir fakta, meiner Storhaug.

Situasjonen i dag er denne: Mellom klokka 22 og 06 om natta er vegen open for bilar som er opptil 4,10 meter høge. I resten av døgeret er grensa 4,00 meter. Vanleg grense er 4,20 meter.

— Restriksjonane er ikkje til å leva med. Ein stor del av vogntoga er høgare enn 4,10 meter. For dei som smett under, kan passering av Haukeli i det avgrensa tidsrommet om natta, vera lite lagleg, seier Børge Skårdal, og minner om strenge reglar for køyre- og kviletid.

Skårdal meiner at arbeidet som skal til for å opna for 4,10-bilar heile døgeret, kan gjerast på under ei veke.

— Det er snakk om seks kritiske punkt i Haukelitunnelen, fortel han.

Derimot krev ei oppgradering til 4,20 meter meir arbeid og pengar. Her er det snakk om sprenging både i Haukeli- og Seljestadtunnelen. Men dette meiner opposisjonspolitikarar at statsråd Torild Skogsholm må ordna, fortare enn svint. Trafikkavviklinga medan arbeidet pågår, må også planleggast.

— Synte ikkje ein test nyleg at det kunne køyrast gjennom med høgd på 4,20 meter utan å koma oppi tunneltaket, og heller ikkje kryssa den gule stripa?

— Jau, men vi vil ikkje tilrå at tryggleiksmarginen vert svekka. Regelen om minst ti centimeters klaring bør bli ståande, seier Skårdal.