Haukeland-strid om ME-diagnosen

Nevrologisk avdeling ved Haukeland meiner at ME ikkje primært er ein nevrologisk sjukdom. Likevel stiller dei hundrevis av slike diagnosar kvart år.

Mor til den sterkt ME-råka 18-åringen Ole Jon Bjørkum, Ingrid Bjørkum, ber om ei forklaring.

I eit brev til direktør Stener Kvinnsland viser ho til at nevrologisk avdeling ved Haukeland skal vere landets fremste fagmiljø på ME, og at dei har nytta denne diagnosen i årevis. Men no hevdar avdelinga at ME ikkje er ein nevrologisk sjukdom. Ho ber om ei forklaring.

- For dette heng jo ikkje på greip, seier Bjørkum.

Held foredrag om ME
Bjørkum peikar i brevet på at nasjonale retningsliner fastset den nevrologisk betinga ME-diagnosen, og ho forventar at Haukeland brukar den og byggjer opp eit breiare fagmiljø på sjukdommen.

- 21. februar skal professor Harald Nyland halde foredrag om ME ved Førde sentralsjukehus. Samtidig skriv sjukehusavdelinga han arbeider for at dei ikkje vil bruke diagnosen. Korleis heng dette saman, spør Bjørkum.

Det var i haust at Sosial- og Helsedirektoratet bad landets helseregionar opplyse korleis pasientar med Myalgisk Encefalopati (ME) blir diagnostisert og behandla.

Nevrologisk avdeling på Haukeland svarte at ME knapt er å rekne for ein nevrologisk sjukdom:

«(...) det ikke er gode holdepunkter for at ME-tilstandene primært skyldes (...) nevrologisk sykdom eller skade», skriv dei, og meiner at den nevrologiske fagtermen G 93.3 ikkje bør brukast på ME.

- Ingen presis diagnose
Diagnosen er ifølgje svarbrevet «uheldig og ikke i overensstemmelse med alminnelig akseptert biologisk syn på tilstanden».

På same tid rapporterer Helse Vest at Haukeland Universitetssjukehus brukte nettopp denne diagnosen på totalt 250 pasientar i 1. halvår 2006.

Mor til ME-råka Ole Jon Bjørkum meiner at Haukeland har eit forklaringsproblem.

- Det verkar som om Haukelands mykje omtala fagmiljø på ME består av berre ein person. Og han driv tydelegvis i strid med si eiga avdeling, seier Ingrid Bjørkum.

Overfor Bergens Tidende stadfestar avdelingsoverlege Ole-Bjørn Tysnes ved nevrologisk på Haukeland at det berre er ein professor ved avdelinga som nyttar diagnosen.

- Han må svare for seg sjølv. Det store fleirtal av nevrologar er ikkje komfortable med denne diagnosen, seier Tysnes.

- Den har så få spesifikke kriterium at det ikkje er ein presis diagnose.

- Eit vepsebol
ME-tilstandane kan ha årsaker innanfor fleire andre medisinske fagområde, meiner avdelingsoverlegen.

Likevel skriv Helse Vest i brevet til Helsedirektoratet at den nevrologisk funderte diagnosen er den langt vanlegaste på ME-tilstandane (kronisk utmattingssyndrom).

- På ståande fot kan eg ikkje svare for desse tala frå Helse Vest. I så fall må eg undersøkje saka nærare, seier avdelingsoverlege Tysnes.

Noko av problemet er ifølgje Tysnes at ME-pasientens trygderettar avheng av ein nevrologisk diagnose.

- Dette er eit regelrett vepsebol, og vi nevrologar kan ikkje akseptere å vere gissel i denne situasjonen, seier han.



Les også

Siste fra Lokalt

Motorsykkelulykke på Tysnes

Bil og motorsykkel krasjet ved Uggdal.

- Advokater redde for
å klage på dommeren

- Jeg kjenner til flere advokater som er misfornøyde med dommernes opptreden i retten, men de kvier seg for å klage på dem.

Brannalarm i sentrum

Kraftig røykutvikling fra bakeri i Chrisitian Michelsens gate. - Det brant i en bakerovn, sier brannsjef.

Her kjører båten
folk med billetter

Noen gråt og andre bannet. - Dette spolerer ferien vår, sier trebarnsmor.

Streiken kan pumpe kloakk
rett ut ved badeplassene

- Økt fare for kloakk rett i sjøen, sier streikende driftsoperatører i Bergen Vann.

fakta/myalgisk encefalopati (me)

  • ME har ei rekke symptom, blant anna ekstrem trøttheit og hyperfølsomheit for lyd og lys.
  • Rundt 80 prosent av tilfella startar akutt, og kan bli utløyst av ein infeksjon.
  • Sjukdommen oppstår i alle etniske grupper og sosiale lag, og kan ramme folk av begge kjønn og i alle aldrar.
  • Symptoma kan innanfor ein og same dag svinge i type og intensitet, og pasienten merkar forverring dersom han/ho anstrenger seg for mykje.

Kjelde: Norges M.E. Forening (www.me-forening.no)

Relaterte bilder

SVÆRT SJUKE PASIENTAR: 18 år gamle Ole Jon Bjørkum har fått ME-diagnosen stilt ved Haukeland sjukehus. Han er svært sjuk og ligg konstant på eit stille mørkt sjukehusrom. No meiner mor hans, Ingrid Bjørkum, at Haukeland sjukehus sviktar store pasientgrupper dersom dei ikkje vil nytte den nevrologisk funderte ME-diagnosen i framtida. FOTO: Øystein Torheim

Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

SØK I SKATTELISTENE (2009)

Siste saker

Lederstillinger

Stillinger