OVE ARNE OLDERKJÆR — Det er avdelinga og sjukehuset som har ansvaret. Vikarlegen har ryggdekning frå avdelinga, seier avdelingsoverlege ved nevrokirurgen på Haukeland, Erling Myrseth, til Bergens Tidende.

Myrseth meiner det var feil av Mona Fjellstad Vespestad å melda den 26 år gamle vikrarlegen til politiet. Pasienten blei behandla av fleire legar på avdelinga, påpeikar Myrseth.

Ufør

Bergens Tidende omtalte 7. juli Mona Fjellstad Vespestad som blei 50 prosent ufør og epilepsidisponert etter feilbehandlings på Haukeland i fjor. Sjukehuset har vedgått tabben, og 27-åringen er av Norsk Pasientskadeerstatning klarert for vederlag. Vederlagsummen er enno ikkje bestemt.

Mona Fjellstad Vespestad fekk fire brot i nakken etter fall frå ei hengekøye heime på Bømlo i juli i fjor. Det var monteringa og tilpassinga av ein såkalla halovest som gjekk gale på Haukeland.

Ein halovest er eit stativ med fire skruar mot kraniet og støtte mot skulderpartiet som skal sikra ei stabil og verna tilgroing av nakkeskaden.

Gjennom kraniet

Hos Mona Fjellstad Vespestad blei vesten montert feil første gong, i tillegg oppstod det store problem med etterfesting av skruene. 18.september blei ein skrue skrudd for hardt til slik at han gjekk gjennom kraniet og hjernehinna og 2,5 cm inn i hjernen.

Prosedyren tilseier at ein skrue maksimalt må skruast til med to millimeter for kvar justering. Avdelingsoverlege Myrseth skriv i sin rapport til Norsk Pasientskadeerstatning at prosedyren i Mona F. Vespestads tilfelle ikkje blei følgt.

Den 27-årige kvinna har på bakgrunn av det som skjedde 18.september i fjor politimeldt vikarlegen for lekamsskade, for grov uforstand i tenesta og for dokumentfalsk ved at han ifølgje Vespestad endra pasientjournalen for å dekkja over feilbehandlinga. Legen er ikkje lenger ved Haukeland.

Mona Fjellstad Vespestad vil i samråd med advokaten sin ikkje kommentera saka slik ho no står.

- Kjedeleg sak

— Dette er ei kjedeleg sak. Det oppstod dessverre komplikasjonar, men vi har ifølgje fylkeslegen takla dei rett. Korkje fylkeslegen eller den sakkunnige hos Norsk Pasientskadeerstatning har merknader til vår erklæring om det som skjedde, seier avdelingsoverlege Erling Myrseth.

— Er kunnskapen om halovestbehandling for dårleg på avdelinga?

— Nei. Denne behandlinga er brukt i 30 år, og er vel kjent blant vårt personell.

— Det har vore fleire legar involvert i behandlinga av denne pasienten. Har uerfarne legar delteke i halovesttilpassinga?

— Nei. Men ein kvar kirurgisk prosedyre har potensial i seg til å gå gale iblant. Poenget mitt er at det som skjedde i denne saka ikkje skal vinklast mot ein enkelt lege, seier avdelingsoverlege Erling Myrseth.

FÅR ERSTATNING: Mona Fjellstad Vespestad (27) blir tilkjent erstatning frå Norsk Pasientskadeerstatning. Ho vil i tillegg ha straffeforfølging mot vikarlegen som ho meiner førte ein skrue 2,5 cm inn i hjernen hennar og gjorde henne 50 prosent ufør.<p/> ARKIVFOTO: OVE A. OLDERKJÆR