Kulturdepartementet slo i 2004 fast at nynorsk skal vera tenestemålet i Helse Vest og på sjukehusa til helseføretaket. Fem år etter går det framleis om kvarandre på nynorsk og bokmål i informasjonsstraumen frå Helse Bergen.

På skiltet utanfor Sentralblokken heiter sjukehuset framleis «Haukeland Universitetssykehus». Ein rask kikk på nettstaden til helseføretaket avslørar at dei to målføra vert brukt hulter til bulter. Logoen er til dømes ei blanding av nynorsk og bokmål. Sjukehusnamnet står til dømes korrekt skreve på nynorsk, men i slagordet heiter det på bokmål «Det handler om mennesker».

Skreiv brev

Erlend Bakke frå Askøy fekk Språkrådet til å reagera. I haust skreiv han to brev til Språkrådet der han peika på at helseføretaket ikkje er konsekvent i språkbruken.

— Det er alvorleg at Helse Bergen fem år etter pålegget frå Kulturdepartementet framleis ikkje fullt og heilt nyttar nynorsk som tenestemål, skriv Bakke.

Han reagerer på at skilt, logoar og informasjon til brukarane ikkje alltid er skrivne på nynorsk.

— Eg kallar det tenesteforsøming.

Bakke meiner det er viktig at verksemder som Helse Vest er konsekvente med å nytta nynorsk:

— Det styrkar verksemdene sin vestlandsidentitet.

Har hatt tid nok

Direktør Sylfest Lomheim i Språkrådet er glad for initiativet frå Bakke.

— Helse Vest og Helse Bergen har hatt fem år på å tilpassa seg pålegget frå Kulturdepartementet. Det burde vera meir enn nok tid.

Lomheim vil melda ifrå til Kulturdepartementet om Helse Bergen ikkje sørgjer for å følgja lova heretter.

Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli i Helse Bergen legg seg flat og lovar betring.

— Språkrådet og Erlend Bakke har på mange måtar rett. Vi har ikkje vore flinke nok til å følgje opp pålegget vi fekk for fem år sidan. Det gjeld i fyrste rekkje heimesidene våre. Dei var nye like før pålegget kom. Vi ville difor venta med å endra mellom anna menypunkt og faste tekstar til vi fekk nye sider. Sidene er under arbeid og skal vera klare over nyttår. Då vil vi vera der vi skal når det gjeld nynorsken. Sjølvsagt vil vi følgja lova slik vi er pålagt.

- Kvifor vert det ikkje bruke nynorsk på skilt og logoar?

— Alle nye skilt vert teksta på nynorsk. Gamle skilt vil bli skifta etter kvart som det er naturleg å gjera det.

- Har de rekna ut kor mykje det vil kosta å teksta om skilt, logoar og informasjonstavler i Helse Bergen?

— Nei, det har vi ikkje i detalj. Men vi er ei stor verksemd. Truleg vil det koma på fleire millionar kroner.

Kva meiner du om språkstrida? Sei di meining.