– Realisering av dette byggeprosjektet er ein viktig nøkkel for å løyse ei rekkje andre utviklingsprosjekt, seier divisjonsdirektør Askjell Utaaker i Drift/teknisk divisjon.

— I dag skåler vi med brus. Om tre og et halvt år skal vi skåle med ekte champagne, strålte prosjektleiar Halfdan Wiberg etter at alle kontraktane var underskrivne.

No kan prosjekteringa av det nesten 20.000 kvadratmeter store laboratoriebygget på Haukeland Universitetssjukehus starte. Bygget er tenkt plassert på tomten mellom Sentralblokken, Vivariet og UiBs bygg for biologiske basalfag (BB-bygget). To etasjar med parkeringsplassar under bakkenivå er allereie reist i kombinasjon med BB-bygget. Med sikte på å samkøyre etasjehøgdene med Sentralblokken og BB-bygget, blir det plass til ni etasjar over gateplan.

— Eit nytt laboratoriebygg står heilt sentralt i Helse Bergen sin arealplan. Slik det er i dag er laboratoria spreidd rundt på forskjellige bygg. Deler av bygningsmassen for denne verksemda er av ein slik forfatning at noko uansett må gjerast. Eit felles laboratoriebygg vil optimalisere drifta, frigjere verdifullt areal og ikkje minst styrke det medisinske fagmiljøet i Helse Bergen, seier Utaaker.

Det er det danske arkitektkontoret C F Møller som skal gå i gang med å teikne laboratoriebygget. Totalkostnadene for hele laboratoriebygget er kalkulert til om lag 500 millionar kroner.

Planen er at byggearbeidet skal setjast ut på tilbod rundt årsskiftet med byggjestart ved påsketider neste år. Behovet for investering for 2006 vil med ei slik framdrift vere på mellom 100 og 200 millionar kroner neste år. Laboratoriebygget vil stå ferdig i 2008.