I framtida kjem det til å skje ein liten revolusjon for alle pasientar under 18 år ved Haukeland Sykehus: Den gamle Barneklinikken i Bergen skal jamnast med jorda, og på tomta skal det reisast eit flunkande nytt barne— og ungdomssenter (BUS) til 700 millionar kroner.

Dermed skal dei yngste få eit langt betre behandlings- og omsorgstilbod enn i dag. Senteret skal ha sine eigne operasjonsstover og poliklinikkar, samt trivselssenter med symjehall, sløydsal, bibliotek og pc-rom. Det er også planlagt ein eigen foreldrefløy med vaskerom, tv-stove, kjøkken og kontorlandskap, slik at mor kan kople opp pc-en og jobbe litt, dersom ho har slike behov.

Hovudprinsippet er at spesialistane skal kome til barna, ikkje omvendt – slik det fungerer i dag.

— Ambisjonen er å gjere dette til eit av dei beste sjukehussentra for barn og unge i Norden, erklærer sjef for Barneklinikken og medlem i styringsgruppa, Robert Bjerknes.

- Lys i tunnelen

Det planlagde senteret har sengeplass til 151 pasientar, og eit areal på vel 26.000 kvadratmeter. Styret i Helse Bergen HF har samrøystes slutta seg til planane, og gitt klarsignal til at arbeidet med planlegging, finansiering og byggjing kan halde fram. I beste fall opnar BUS dørene i 2007. — No er det lys i tunnelen. Dette er eit nødvendig løft for barn og unge, meiner prosjektleiar Helge Bergmann.

— Det viktigaste er å skape ei god, somatisk spesialisthelseteneste for barn og unge, slik at dei som går gjennom ein tøff fase skal ha det så godt som mogleg her, fortel Bergmann. 65 prosent av alle barn og unge som blir innlagde til somatisk behandling ved Haukeland, blir i dag behandla ved Barne-klinikken. Resten ligg i hovedsak på avdelingar i den sprengde sentralblokka. Å byggje eit senter for dei yngste, vil også få fordelar for andre pasientar.

— Å samle alle barn på ein stad kjem til å frigjere masse areal og kring førti senger på andre avdelingar. Dermed kan vi for eksempel behandle langt fleire indremedisinske pasientar i framtida, og langt færre treng å liggje i korridorane.

Frir til store selskap

Helse Bergen skal vurdere ulike finansieringsordningar, også private utbyggjarar og delfinansiering ved hjelp av private sponsorer. Dette er utradisjonell tankegang i norsk samanheng.

— Erfaringsmessig er det relativt lett å skaffe private sponsormidlar til denne delen av spesialisthelsetenesta, seier Berg-mann til BT.

— Så no skal de ut og fri til verksemder som Statoil og Rieber?

— For eksempel. Så lenge vi legg premissane og har styringa, har vi ingen innvendingar mot økonomisk støtte frå store selskap. Vi kunne godt tenkje oss eit sponsorprogram, men det må vi sjå nærare på. Enno veit vi ikkje om marknaden er villig.

Heller ikkje Bjerknes har motførestillingar til privat finansiering.

— At private bidreg til å heve kvaliteten, har eg ingen innvendingar mot, seier klinikksjefen.

TRONGE KÅR: Det er trongt om plassen for søskenparet Andreas (3) og Natalie (snart 2), som brukar ei ledig stund til leik i ein liten krok av Barneklinikken. Om fem år kan barna som besøkjer det nye barne- og ungdomssenteret til Helse Bergen HF boltre seg på langt større areal.
FOTO: KRISTIAN JACOBSEN