Lussandberget vest for Kvanndal har hamna på tiandeplassen på prioritetslista som Statens vegvesen har utarbeidd for fylkespolitikarane i Hordaland, som frå årsskiftet får ansvar for ei rekke riksvegar i tillegg til dei «gamle» fylkesvegane.

Farlegast i Granvin og Ulvik

Åtte av dei til rastiltaka på prioritetslista ligg på vegar som Staten no overlet til fylkeskommunen. Fem tiltak ligg på riksveg 5 mellom Lussand og ferjekaien i Bruravik. Tre tiltak er prioritert på riksvegen 572 vidare innover mot Ulvik, og eitt på fylkesvegen vidare mot Osa.

Einaste tiltaket utanom dei to Hardangerkommunane er omlegging av fylkesveg 344 forbi nedre del av Trefallstrand i Vaksdal kommune. Her er det til gjengjeld så rasfarleg at vegomlegginga til 11 millionar kroner er sett på andreplass.

Krev 100 millionar av Staten

Tunnelen gjennom Haukanesberget er kostnadsrekna til 195 millionar kroner, og Lussandberget 160 millionar kroner, av ein prislapp på 458 millionar for heile «pakken».

På statsbudsjettet for 2010 er det sett av 500 millionar kroner til rassikring av fylkesvegane. Det er venta at Samferdsleutvalet i Hordaland på møtet onsdag vil krevja minst 20% av dette, altså 100 millionar, til sitt fylket.

ETTERSLEP: Ny tunnel i Lussandberget på riksveg 5 langs Hardangerfjorden set ut til å hamna på tiandeplass på Hordaland si første prioritetsliste for rassikring etter forvaltningsreforma. Vegvesenet sine utrekningar viser at vegen er farlegare under Haukanesberget nærare Granvin sentrum. Begge prosjekta stod på 2005-planen, men har ikkje nådd opp. Arkivfoto: Arne Hofseth