E-posten strøymde inn straks Øien vart referert på CNN om at avliving kan vere aktuelt for spekkhoggaren Keiko.

Informasjonssjef Jo Høyer hadde 25 e-post liggjande på sin maskin første morgonen etter at Keiko-saka tok av.

Aftenposten mottok og offentleggjorde drapstruslar, og Høyer stadfestar at ein del av e-posten er lite hyggeleg.

«Vi oversender ein del av materialet vi har til politiet», seier Høyer.

Sterke kjensler

Bergens Tidende har fått tilgang til ein del av Keiko-posten, som er prega av sterke kjensler og i mange tilfelle sterke karakteristikkar av Øien og Havforskningsinstituttet:

«Alle dyr er heilage. Vi her på jorda har fått lære å kjenne dette (Keiko) litt betre, og filmen om livet hans var eit teikn på håp og tru på at det gode kan skje, ikkje døden. Å foreslå å drepe eit uskuldig dyr, likevel årsak verkar underlege og svært likegyldig til livet»

Skjermar Øien

Havforskningsinstituttet har også tidlegare fått store mengder e-post, sist då det vart vurdert å be om løyve til forskingsfangst av springere, ein delfinart.

Men det spesielle denne gongen er at merksemda i så stor grad er retta mot ein person.

Høyer seier Øien tek oppstyret med fatning, men at instituttet vil skjerme han mot meir merksemd i media.

STERKE MELDINGAR: Jo Høyer, informasjonssjef på Havforskningsinstituttet, fortel om kraftige reaksjonar frå kvalvener etter eit forslag om å avlive Keiko. FOTO: BJØRN ERIK LARSEN.