Dermed går straffesaka som planlagt i Sogndal denne veka. Tiltalte har erkjent straffeskuld for drapet, men nektar seg skuldig i valdtekt og mishandling av Karterudseter.

Har norske styresmakter rett til å tiltale Hassan Samriye Hashin for brotsverk han skal ha gjort før han kvelte og drap Hedda Karterudseter?

Dette vart det store spørsmålet i retten mandag føremiddag, like etter at Hashin hadde sagt seg skuldig i drap, men nekta straffeskuld for tiltaleposten som omhandlar mishandling og valdtekt i forkant av drapet.

Forsvarar Hermann Hoff fremma kravet om at valdtektsposten i tiltalen måtte frafallast, og viste til dei internasjonale avtalane rundt såkalla forenkla utlevering. Dette inneber at den sikta personen samtykker i dei avgrensingane dette medfører for vedkommande sin rettslege stilling.

Som kjent flykta tiltalte Hassan Samriye Hashin kort tid etter drapet på Hedda Karterudseter 28. oktober 2004, og vart pågripen og utlevert frå Nederland i januar i år. Det var formalitetane rundt denne utleveringa som stod i fokus i starten av straffesaka mandag.

— Da eg lørdag tok opp dette spørsmålet med min klient, vart han berre til eit stort spørsmålsteikn. Han har ikkje gjeve noko slikt samtykke, sa forsvararen i retten.

Aktor, statsadvokat Bjørn Soknes, meinte at slikt samtykke vart gitt.

— Vi hadde ikkje hatt noko rettsak her i dag om dette ikkje var tilfellet. Da måtte vi gått den lange vegen for å få tiltalte utlevert fra Nederland, sa Soknes.

Etter at retten hadde trekkt seg tilbake i 20 minuttar, sette tingrettsdommar Steinar Velle retten på nytt med den korte meldinga om at saka skal fremmast etter dei to tiltalepunkta som ligg føre.

<b>DREPT:</b> Hedda Karterudseter vart funnen drept på hybelen sin i Sogndal 28. oktober i fjor.
Privat