To russebilar blei fråstolne kostbare stereoanlegg og deretter dytta uti Ådlandsvatnet ved Leirvik.

— Forholdet blir meldt til politiet i dag, opplyser Anette Rasmussen, ei av fem jenter som eig russebilen «Reko» og som hadde leigd eit stereoanlegg til 6000 - 7000 kroner frå Bergen.

Jentene fekk heller ikkje glede av bilen på sjølvaste 17. mai, for nokon hadde punktert dekka medan «Reko» stod parkert på russen sin tradisjonelle samlingsstad ved Ådlandsvatnet natt til 17. mai. Natta etter blei stereoanlegget stole og bilen dytta i vatnet.

Anette Rasmussen fortel at bilane blei tekne på land i går, og at dei fekk start på «Reko». Jentene, som hadde tenkt å selja bilen no når russefeiringa er over, får store utgifter til bilberging og til å erstatta stereoanlegget.

RUSSEHAVARI: To russebilar på Stord fekk fråstolne dyre stereoanlegg og deretter dytta i Ådlandsvatnet natt til i går.<p/>FOTO: OVE ARNE OLDERKJÆR