Sidan desember har breibandsmasta på Tveitafjellet blitt utsett for hærverk seks gongar, skriv Bygdanytt.

No har vandalar på nytt vore oppe på 550 meters høgde for å røske ut kablar, kople ut straum og øydeleggje masta.

Dette har kosta breibandsselskapet Direct Connect på Osterøy dyrt i form av nytt utstyr, mange reparasjonar og overtidstimar for montørar.

Saken fortsetter under videovinduet.

– Vi har brukt veldig mykje pengar på Osterøy no, og problema der har vel kosta oss langt over ein million kroner, seier prosjektleiar for breiband i Direct Connect, Richard Simonsen til lokalavisa.

I tillegg har dei måtte gje misfornøgde kundar pengar i retur. For å unngå fleire pøbelstrekar har firmaet investert i kameraovervaking og alarmsystem på det bratte fjellet. Ifølge Simonsen vil det fremste av ny teknologi overvake internettsendaren døgnet rundt.

– Om nokon prøver seg no, skal vi klare å finne ut kven det er, åtvarar Simonsen.

Direct Connect