— Det handlar om å få ballen i mål og Liv Kari Eskeland er motstandaren, sa Harry Herstad då han blei lansert som Stord Arbeidarparti sin ordførarkandidat på Leirvik i dag.

Det har lenge vore stille kring den engasjerte eksrådmannen og tidligere direktøren i Sportsklubben Brann. Då invitasjonen frå nominasjonskomiteen kom i oktober, valde han i samråd med familien å takka ja til utfordringa.

— Eg veit at det blir som å binda eit sett kasseroller rundt beina og gå nedover gata, men eg er ikkje skapt for ikkje å gjera noko, sa Herstad.

Tent av Samhandlingsreformen

— Me er veldig glade for at han vil vera med å få Stord Arbeidarparti tilbake i førarsetet i Stord kommune. Harry er ein samfunnsbyggjar og har i sine mange posisjonar vist at han kan skapa framgang og entusiasme, sa Aud Berit Alsaker Haynes, leiar i nominasjonskomiteen i Stord Arbeidarparti.

Dei siste åra har Herstad jobba som spesialrådgjevar på Høgskolen Stord/Haugesund og som dagleg leiar i KommuneKonsult AS - eit oslobasert firma som driv med omstillingsprosessar i kommunane.

Eit av prosjekta har vore å få på plass eit senter på Stord for behandling, rehabilitering og arbeid, kalla BRA-senteret.

— Det som har tent meg no er Samhandlingsreformen. Det er ein overordna viktig reform, og nettopp det me har jobba med i samband med BRA-senteret, sa 64-åringen.

- Alt for lenge til valet

Han skortar ikkje ei trening med gutane på Hystadtrimmen og hevdar å vera i god form til ordførarjobben.

— Eg er gjerne ikkje like tøff i taklinga, men tek framleis ballen og kjenner at lysten og engasjementet er på plass.

- Korleis vurderer du sjansane dine til å bli ordførar?

— Det er jobben som triggar meg. Eg likar ikkje å tapa. Det gjer eg ikkje på trimmen heller. Eg trur det trengst ei ny satsing for å berge velferdskommunen på Stord.

- Kva vil du jobba for framover?

— Programmet er ikkje ferdig handsama i partiet, men eg kan nemne felles krematorium for Sunnhordland, ferjefri kyststamveg, betre samband til Kvinnherad og få flyplassen inn på Avinor sitt nett.

Samferdsle er likevel ikkje det viktigaste, ifølgje Ap-toppen.

— Arbeid til alle og sikra kompetansen i regionen er viktigast. Då får me ringverknader som økte skatteinntekter og fleire barnefødslar.

- Kor tid startar valkampen?

— No! Han er alt i gang. Det er berre så alt for lenge til valet.

Kan Harryen bli ein god ordførar? Sei di meining.