Sjeldan har eit fylkesårsmøte i Sogn og Fjordane Arbeidarparti gått så glatt og smertefritt som i Førde i helga.Ap har ikkje ei røyst å gje bort dersom andremandatet ikkje skal gå tapt ved Stortingsvalet til hausten. Difor er ikkje årsmøtet tid og stad for å slåst om politikammer og domstolgrenser — eller vise opprørske tendensar mot distriktspolitikken som Regjeringa fører.Dei som prøvde seg vart sette ettertrykkeleg på plass av veteranen Kjell Opseth. Og det vart stort sett med forsøket.Også den obsternasige utsendingen Odd Husum frå Årdal fekk svar på tiltale då han utfordra Kjell Opseth om IT Fornebu i den politiske spørjetimen søndag føremiddag. Han minna Opseth på at han framleis ikkje hadde lagt fram tal som viser kva kostnaden vert med infrastrukturen for IT-Fornebu. Men no hadde Husum fått stadfesta, m.a. i riksavisene, at det dreier seg om milliardsummar. Men det gjorde lite inntrykk på Opseth som heldt fast på sitt, og at han for lenge sidan hadde mista all tillit til tal som kom fram i media. Av 36 resolusjonar gjekk 20 gjennom i årsmøtet og halvhjarta går no også Arbeidarpartiet inn for å støtte Stad Skipstunnel. Partiet krev elles i tur orden at det småbåtregisteret ikkje må munne ut i ein ny båtskatt, at vasskraftressursane som er klarert må byggjast ut og at naturverninteressene må vike for sterke næringsinteresser. Partiet åtvarar mot privatskular og ber regjeringa leggje strenge restriksjonar på nye søknader om privatskular.