ARNE HOFSETH

No er det Heimevernet som skal overta ansvaret for det territoriale forsvaret av landet vårt. Det får ikkje hjelpa om britane ler seg fillete av «Dad's Army» og andre utlendingar synest det er rart. I Noreg står heimevernet høgt hjå politikarane.

Overlevering

I dag er det duka for regimentsnedlegging på Voss. Då stiller gardemusikk og general, menige, sivile og offiserar på ekserplassen på Bømoen. Regimentsfana skal «luftast» for siste gong.

Sjefen for Fjordane Regiment (tidlegare IR10), oberstløytnant Oddmund Nygård, vil «overlevera territoriet», det vil seia ansvaret for å forsvara landområda i heile Sogn og Fjordane og indre del av Hordaland. «Mottakar» er sjefen for Distrikstkommando Sør— og Vestlandet, generalmajor Jan Erik Karlsen. Han gir oppgåva vidare til sjefen for Fjordane Heimeverndistrikt, HV 10, oberstløytnant Nils Thorkild Melby, som har stamkvarter på Skei i Jølster.

Arbeidsplassane blir ikkje flytta så langt når Bergenhus Regiment (tidlegare IR09) i neste månad skal leggast ned og HV09 skal overta. Begge held til i Bergensområdet.

Som eit lite plaster på såret for tapte arbeidsplassar, blir det i dag oppretta eit alliert treningssenter (AST/S) på Voss, der avtroppande regimentsjef Nygård og ein del av hans offiserar held fram med vertskapspliktene overfor utanlandske soldatar på øvingar, og styrer med skytefeltet på Mjølfjell.

Bergenhusiske først

Forsvarssoga fortel at Det Bergenhusiske Regiment vart skipa 18. januar 1628, som eit av dei aller første då regimentsordninga kom i stand.

Seinare vart regimentet delt i eit Søndre og eit Nordre Bergenhusiske Regiment. I moderne tid er det blitt til 09 Hordaland og 10 Fjordane, der Fjordane ikkje berre står for Nordfjord og Sunnfjord, men også Sognefjorden og Hardangerfjorden. Distrikt 09 femner om Bergen og dei folkerike kystområda i Hordaland, medan 10'aren dekker resten av dei to fylka, stort i utstrekning med moderat folketal. Forsvarsdistrikta hadde stab og infanteriregiment.

Dei høge offiserane heldt lenge til i Bergen. I 1961 flytta sjef og stab for FDI 10 og IR10 til Voss. To år etter stod ny regimentsbygning ferdig på Tvildemoen. Hit skulle også HV10, men staben vegra seg mot å flytta ut av byen til dei 30 år seinare vart tvinga til Skei.

I førre rasjonaliseringsomgang vart Forsvarsdistriktet sine gjeremål sentraliserte, og infanteriregimenta gjort om til kombinerte regiment. IR09 vart til Bergenhus Regiment i Bergen/Os, medan IR10 vart til Fjordane Regiment, og flytta frå Tvildemoen til nybygg på Bømoen på Voss.

Heimeverndistrikta på Vestlandet har same grenser som Hæren sine regiment.