• Lettvint og likesæl. Slik er SV sin karakteristikk av byrådet si haldning til sosial dumping.

I dag skal interpellasjonen om sosial dumping i BIR opp i bystyret, og i forkant av debatten kjem bystyregruppa til SV med krass kritikk av byrådet i Bergen.

Kritikken kjem fram i eit brev til ordførar Gunnar Bakke og byrådsleiar Monica Mæland, der SV viser til ei rekkje saker om sosial dumping som har prega bergensavisene siste tida.

— Byrådet avslører for all verda at Bergen kommune ikkje har nødvendige prosedyrar og rutinar, når det gjeld å avdekkje sosial dumping hos firma og underleverandørar som vinn anbod, står det i brevet.

SV meiner at byrådet har ei lettvint og likesæl haldning til sosial dumping, sidan regelverket ikkje er kome på plass.

— Derfor ser vi ikkje anna råd enn at bystyret sjølv må vedta eit naudsynt reglement for å sikre at ikkje Bergen skal vere ein fristad for dumping, skriv SV.

Bystyregruppa viser også til at administrerande direktør i BIR, Steinar Nævdal, i laurdags-BT går langt i å fråskrive seg ansvaret for arbeidsforhold for polske elektrikarar ved forbrenningsanlegget i Rådalen.

— Dette er uakseptabelt og uansvarleg, skriv SV, som stiller spørsmålet om ikkje Nævdal bør vurdere stillinga si.

SV krev no å få vite om også BIR-styret og byrådet stiller seg bak utsegnene til Nævdal.