Ein 25 år gammal mann er sendt til Haukeland Universitetsjukehus i Bergen etter ei utforkøyring i Røldal tirsdag kveld. Politiet fekk melding om ulykka klokka 22.25.

Mannen køyrde rett i fjellveggen.

Operert

Ved akuttmottaket på Haukeland får bt.no opplyst at tilstanden til mannen onsdag morgon er alvorleg og ustabil.

— Han vart operert i natt, seier vakthavande sjukepleiar.

Ifølgje politiet prøvde mannen å styre unna noko som låg i vegen, som deretter førte til at han mista kontrollen over sykkelen og hamna utfor vegen.

Vegen er no rydda.

Saka blir etterforska ved Odda politistasjon.