Ulukka skjedde då føraren miste kontrollen over personbilen på veg ned frå Utvikfjellet mot Byrkjelo. Bilen stoppa mot eit stort grantre.

Sjåføren kom seg ut av bilen etter utforkøyringa, men passasjeren måtte skjerast ut.

To menn i 20-åra er sende til Førde sentralsjukehus, og den eine av dei to skal vere hardt skadd.

Ulukka vart meldt like etter klokka halv ni i dag tidleg, og både politi, brannvesen og ambulanse rykte ut.