Mannen sat fastklemt i nær halvannan time før det lukkast redningsmannskapa å frigjere han frå vraket.

Mannen køyrde ein fleirbruksbil av typen Peugeot 806 i retning Askvoll kommune då han frontkolliderte med den møtande lastebilen omlag 100 meter før avkøyringa til Ervik.

— Vi har enno folk på ulukkesstaden, og dei foreløpige meldingane går ut på at mannen er svært hardt skadd, opplyser lensmann Kjell Fonn i Førde til bt.no.

AMK-sentralen fekk melding om ulukka omlag klokka 10.25 fredag føremiddag, og først klokka 11.50 kunne redningsmannskapa ta den skadde ut frå vraket. Han vart frakta med ambulase til Førde sentralsjukehus.

Det var svært vanskelege køyreforhold i distriktet då ulukka skjedde, med tett, vått snødrev og mykje slaps i vegbana. Riksveg 609 mellom Førde og Askvoll er relativt smal og svingete.

Begge dei involverte var aleine i bilane. Føraren av lastebilen kom frå ulukka utan fysiske skader.

FASTKLEMT: Føraren i slutten av 30-åra vart hardt skadd, og sat fastklemt i nesten halvannan time før redningsmannskapa kunne frakte han til Førde sentralsjukehus.
FOTO: ODDLEIV APNESETH